Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
AVDELING FOR PATOLOGI i Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund har no ledig to faste 100% LIS-stillingar i patologi. Tilsetting frå 01.03.2027. Avdelinga ligg i Ålesund og har dagarbeid utan turnus, med gode moglegheiter for fagleg utvikling og deltaking på relevante kurs.
Dette er eit miljø som vektlegg tverrfagleg samarbeid, openheit og respekt. Dei som blir tilsett vil vere med på å byggje eit helsetilbod som er av høg kvalitet for innbyggarane i fylket, med fokus på utvikling og inkluderande
Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for god kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? I så fall oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss.
Ved Avdeling for patologi har vi no ledig to faste 100% stillingar som LIS i patologi. Tilsetting frå 01.03.2027.
Avdeling for patologi, Helse Møre og Romsdal HF ligg i Noregs vakraste by, Ålesund.
Vi er organisert under klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og røntgen. På avdelinga har vi kun dag-arbeid, ingen turnus. Avdelinga gjer deg gode høve til fagleg utvikling og det blir lagt tilrette for å kunne delta på relevante kurs.LIS med kort tid igjen til spesialisering blir også oppmoda til å søkje.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF