Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal søker radiograf CT med strålevernsfunksjon i 100% fast dagtidsstilling ved Avdeling for radiologi i SNR Hjelset. Ved interne opprettingar blir det ledig ei radiografstilling i 100% i 2- eller 3-delt turnus.
Skriv i søknaden kva slags stilling du søkjer på. Avdeling for radiologi SNR består av om lag 100 tilsette og arbeider med MR, Mammografi, CT, konvensjonell rtg, ultralyd og beintettleiksmåling.
Avdeling for radiologi Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) Hjelset søkjer no etter fagradiograf CT med strålevernsfunksjon i 100% fast dagtidsstilling.
Ved eventuell internt opprykk, blir det ledig ei radiografstilling i 100% i 2- eller 3-delt turnus. Skriv i søknaden kva slags stilling du søkjer på. Tilsetting frå snarast!
Avdeling for radiologi SNR består av om lag 100 tilsette, samansett av radiografar, radiologar, hjelpepleiar og kontorpersonell som arbeider i eit spennande, utviklande og triveleg miljø. Avdelinga har aktivitet både ved akuttsjukehuset SNR Hjelset som er eit nytt sjukehus med døgnkontinuerleg drift, og ved SNR Kristiansund som har utstrakt poliklinisk drift på dag og kveld. Vi gjer tilsaman eit breitt spekter av undersøkingar som MR, Mammografi, CT, konvensjonell rtg, gjennomlysing, ultralyd og beintettleiksmåling.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal