Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer Legar i spesialisering psykiatri ved DPS Molde. To faste stillingar frå 01.03.27 og eit vikariat frå same dato med 6–12 månader varighet, start fleksibel.
LIS3 får rotasjon mellom seksjonane og ei god spesialistutdanning med rettleiing, kurs og støtte. Om ønskjeleg kan arbeidstida tilpassast under utdanning, og løn følger gjeldande overeinskomst med psykiatritillegg.
Lege i spesialisering psykiatri Lis og turnuslegar Psyk. Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
DPS Molde har no ledig ei fast stilling som Lege i spesialisering psykiatri frå 01.03.27.
I tillegg har vi ledig eit vikariat frå 01.03.27 med varighet på 6-12 mnd. etter nærmere avtale.
Oppstart ved DPS Molde døgnseksjon. Vi tilbyr alle nødvendige delar av spesialistutdanninga i psykiatri.
Våre LIS gir tilbakemeldingar om eit triveleg og godt arbeidsmiljø med høg grad av tilfredsheit med spesialistutdanninga.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere omlag 18-delt tilstadevakt. Stillinga vi no lys ut inngår i rotasjonsordninga.
Oppstartdato er fleksibel, og kan avtalast fram i tid om ønskjeleg.
Søknadsfrist 06.12.2026
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel Lege i spesialisering psykiatri
Stillingar 2
Heiltid / Deltid Heiltid
Tilsetjingsform Fast, Vikariat
Stillingsprosent 100
Webcruiter-ID 5198527122
Startdato 01.03.2027
Sosial Deling Del på X Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Adresse: DPS Molde - Knausensenteret, Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde, Norge
Geir Magne Nødtvedt Overlege psykiatri
Telefon: +47 907 00 202
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal