Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer to legar i spesialisering i patologi til avdeling for patologi i Ålesund. Tilsetting frå 01.03.2027, 100% stilling, fast tilsetting utan turnus og dagarbeid.
Avdelinga tilbyr fagleg utvikling, deltaking på relevante kurs og LIS-inntak ved universitetssjukehus. LIS1/opplæring blir oppmoda til å søkje.
Søknadsfrist 16.11.2026
Stillingar 2
Tilsetjingsform Fast
Stillingsprosent 100
Webcruiter-ID 5197085409
Lege i spesialisering patologi AVDELING FOR PATOLOGI, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for god kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? I så fall oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss.
Tilsetting fra 01.03.2027.
Avdeling for patologi, Helse Møre og Romsdal HF ligg i Noregs vakraste by, Ålesund.
Vi er organisert under klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og røntgen. På avdelinga har vi kun dag-arbeid, ingen turnus. Avdelinga gjer deg gode høve til fagleg utvikling og det blir lagt tilrette for å kunne delta på relevante kurs. LIS med kort tid igjen til spesialisering blir også oppmoda til å søkje.
Adresse: Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Hilde Guttormsen
Avdelingssjef
Telefon: +47 70 10 66 37
E-post: hilde.guttormsen@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.
Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal.