Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Ålesund sjukehus radiologisk avdeling søkjer overlege til fast 100% stilling med bakvaktar i rullerande turnus. Stillinga gir bred erfaring i CT, MR, ultralyd og konvensjonell radiologi, og inkluderer involvering i brystdiagnostisk senter og intervensjonsradiologi.
Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø, tett tverrfagleg samarbeid og god offentleg pensjonsordning. Søknadsfrist 29.11.2026, oppstart 01.12.2026.
Er du klar for å bli ein del av laget ved radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus ?
Som overlege hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp knytt til både diagnostikk og behandling, der du i tillegg deltek i vaktordning og bidreg i den akutte radiologiske beredskapen. Radiologi er eit fagområde i rask utvikling, og vi står midt i ei tid der ny teknologi gir oss heilt nye moglegheiter – noko du som overlege vil vere med på å forme og ta i bruk.
Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Hos oss får du brei erfaring med avansert diagnostikk og intervensjonar innen CT, MR, ultralyd og konvensjonell røntgen. Ved brystdiagnostisk senter har vi tett samarbeid mellom radiologi og kirurgi, og vi utfører både generelle og avanserte inngrep i vår moderne angio-/intervensjonslab.
Avdelinga har 8 LIS-stillingar og 13,5 overlegestillinger. Overlegane utgjer ei inkluderande og fagleg sterk gruppe med høgt kompetansenivå. Fleire av legane har doktorgrad, og det ligg godt til rette for forskingsaktivitet for tilsette som ønskjer dette.
Vi ønskjer no å styrkje laget med fleire engasjerte overlegar som også vil inngå i bakvaktordninga, og som kan bidra aktivt til både fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit besøk.
Vi har ledig 1 fast 100 % stilling som overlege med bakvakter i rullerande turnus. Oppstart etter avtale. Intervju skjer fortløpande.
Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing, men dersom du ikkje har høve før våren/hausten 2027, oppmodar vi likevel til å sende ein søknad.
Ved intern omrokering kan andre stillinger bli ledige.
Sveinung Aaker,Seksjonsleder (lege), Sveinung.Aaker@helse-mr.no
Gulay Kar,Avdelingssjef,(+47) 974 79072, gulay.kar@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5200097986
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 29.11.2026
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF