A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Folgefonn DPS i Helse Fonna HF søker LIS3 ved Allmennpoliklinikken. Stillinga inkluderer spesialistutdanning i tråd med utdanningsplanen, og arbeid med utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med psykiske lidingar i tett samarbeid med overlege.
Ein legg også til rette for ALIS-teneste i Valen og poliklinikk Odda, med fokus på fagleg utvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Det er ledig fast stilling for LIS3 ved Allmennpoliklinikken på Folgefonn DPS.
Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Vi har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar.
FDPS har døgn på Valen, Allmenn pol på Valen og i Odda, Fact team og TSB/ LAR
Det siste året kan gjennomførast i BUP, ein tettstad 6 km unna.
Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning for allmennlegar spesialisering (ALIS). Ein legg og til rette for ALIS teneste i på Valen og poliklinikk Odda.
ALIS teneste Odda er uten vakt.
Høyrest dette ut som noko for du? Ta kontakt om du lurer på noko – vi vil veldig gjerne høyre frå deg!
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.