Enable job alerts via email!
Et ledende helsesenter i Førde søker lege i spesialisering (LIS3) for psykiatrisk klinikk. Stillingen innebærer vurdering, diagnose og behandling av pasienter, samt deltagelse i faglig utvikling. Krav til norsk autorisasjon og gode språkkunnskaper. Yter gode pensjons- og forsikringsordninger, samt hjelp med bolig ved behov.
Vi søkjer lege i spesialisering (LIS3) ved psykiatrisk klinikk. Allmennlegar som treng sjukehusteneste blir oppfordra til å søkje engasjement.
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har også sentralt sjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering, lokal sikkerheitspost og ambulant sikkerheitsteam. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
I mars 2021 flytta vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP.
Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde. Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling, og NORSE tilbakemeldingssystemer utvikla ved vår avdeling.
LIS3-stillinga er ledig frå snarleg/etter nærare avtale.
Nyttig info ved jobbsøknad Psykiatrisk klinikk
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sigmund Erling Bjørhovde, Seksjonsleiar Legar PSK, (+47) 900 37 348
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5019547534
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2025
Seksjonsleiar Legar PSK
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.