Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Førde søker LIS3 i ein spanande spesialisthelseteneste for nevrologiske sjukdomar i Førde. Stillinga er 100 % fast med fleksibel start i perioden januar–mars 2027.
Arbeidsmiljøet er utviklingsorientert, med tverrfagleg samarbeid og avtala om vekslande vakter i ei stor verksemd som ventar ny kunnskap og fagleg utvikling.
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium. Vi har også fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene og organiseringa.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbod om grupperettleiing på tvers av avdelingane.
Helse Førde er ein del av satsinga Vestlandslegen, der medisinstudentar frå Universitetet i Bergen skal ha dei tre siste åra av utdanninga desentralisert ved Helse Førde. Dei første studentane kjem til Førde hausten 2028. For LIS3 gir dette på sikt moglegheit for deltaking i undervisning og fagleg utviklingsarbeid, i eit miljø med tett klinisk oppfølging og brei pasientkontakt. Les meir her: Vestlandslegen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.