A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Førde søkjer ein spesialist i medisinsk mikrobiologi til den mikrobiologiske avdelinga. Arbeidet omfattar heile fagfeltet og dagarbeid måndag–fredag 08:00–16:00, med vaktordning for legar på laurdagar og heilagdagar.
Du må vere spesialist i medisinsk mikrobiologi eller erfaren LIS med kort tid til ferdig spesialitet og beherske norsk godt både skriftleg og munnleg. Føretaket tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar og bistand med bustad.
Ønskjer du å arbeide innen eit spennande fagfelt i rask utvikling?
Mikrobiologisk avdeling er ei av 11 avdelingar i medisinsk klinikk og leverer laboratorietenester innen bakteriologi, serologi og molekylærbiologi til heile Sogn og Fjordane. Vi mottek, analyserer og gjev ut svar på prøver til avdelingar i Helse Førde, eksterne legekontor og kommunale institusjonar. Fag og teknologi utviklar seg raskt, spesielt innen molekylærbiologi. Her har flere analysar vore etablert siste åra, og i 2025 vart laboratoriearealet til molekylærbiologi utvida.
Mikrobiologisk avdeling har fokus på kvalitet og er akkreditert etter standard for medisinske laboratorium NS-EN ISO 15189. Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med 27 tilsette og det er tett samarbeid mellom legar, bioingeniørar, molekylærbiologar, avdelingsingeniørar og sekretærar.
Vi har regionalt samarbeid med dei mikrobiologiske avdelingane ved sjukehusa i Stavanger, Haugesund og Bergen – som alle nyttar same laboratoriedatasystemet; Unilab700. Avdelinga er ein del av lokalt laboratorieprosjekt i Helse Førde, der ein jobbar med videre modernisering innan bygg og instrumentpark.
Stillinga omfattar arbeidsoppgåver innen heile det mikrobiologiske fagfeltet og dagarbeid måndag til fredag 08:00 – 16:00. Overlegane deltek i vaktordning laurdagar og heilagdagar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.