Lege i spesialisering i revmatologi

REVMATOLOGI OG HUD, Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund

On-site

NOK 900,000 - 1,200,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Ålesund sjukehus søker lege i spesialisering i revmatologi for eit vikariat frå 04.01.2027 til 31.12.2027. Arbeidet involverer varierte oppgåver innan revmatologi, inkludert innleiing til ultralyd og meistring av eit komplekst immunologisk bakteppe.

Støtta veiledning er systematisk, og avdelinga er engasjert i opplæring, forsking og tverrfagleg samarbeid. Du vil vere del av ein kompetent kollegagjeng i eit nasjonalt og internasjonalt samanheng.

Qualifications

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste
  • Erfaring frå revmatologi vil bli vektlagt

Responsibilities

  • Lege i spesialisering rullerer mellom sengepost og poliklinikk

Skills

Revmatologi erfaring

Education

Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste

Job description

Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering i revmatologi frå 04.01.2027 til 31.12.2027!

Revmatologi er eit fantastisk interessant fag som kombinerer praktiske prosedyrar (m.a. ultralyd av kar, nervar, ledd/leddinjeksjonar), samt indremedisinsk puslespel-legging på eit komplisert immunologisk bakteppe.
Vi søker deg som ønskjer ein variert og spennande kvardag, og som vil vere med og utvikle revmatologi-faget vidare saman med gode og engasjerte kollegaer.

Supervisjon og veiledning er satt i system der overlege alltid er tilgjengeleg. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå spesialitetskomiteen i revmatologi for måten vi driv opplæring og oppfølging på. Vi har ein fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke.

Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga har sengepost med 2 senger og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. I revmatologisk avdeling Ålesund har vi eit stort fagleg engasjement på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, som har gitt pasientar moglegheita til å ta i bruk det siste og nyaste av behandlingsmetodar.

Arbeidsoppgåver
  • Lege i spesialisering rullerer mellom sengepost og poliklinikk
Kvalifikasjonar
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Erfaring frå revmatologi vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
  • Du likar å arbeide sjølvstendig samtidig som du støttar deg til erfarne kollegaer
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er fleksibel og samtidig strukturert
  • Du har gode samarbeidsegenskapar
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .

Kontaktinformasjon

Ida Grøtta Barstad,Seksjonsleiar,+47 70105458, Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5182825786
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Lege i spesialisering i revmatologi
Lege i spesialisering i revmatologi

Helse Nord-Trøndelag • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Anestesisjukepleiar
Anestesisjukepleiar

Anestesi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 450,000 - 550,000
Godt arbeidsmiljø
Inkluderende arbeidsplass
Offentlig pensjonsordning
+1
Sjukepleiar/vernepleiar
Sjukepleiar/vernepleiar

Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 640,000
God offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Kontor medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 450,000 - 540,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin

Legar barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 1,000,000 - 1,300,000
Eit triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Fokus på god spesialistutdanning
+3
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 469,000 - 580,000
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Inkluderande arbeidsplass
Lege i spesialisering, Rus- og avhengigheitsmedisin
Lege i spesialisering, Rus- og avhengigheitsmedisin

TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Rettleiing av overlegar
Variert teneste
Tverrfagleg samarbeid
+3
Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 660,000 - 900,000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter oppgjeld overeinskomst
+1
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 540,000 - 720,000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderende arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
+3
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Helse Møre og Romsdal • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Top locations