Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering Avdeling for kreftbehandling og rehabilitering, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga (i ny fane)
Om stillinga
Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"?
Då må du søke denne stillinga!
Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering i perioden 01.10.2025 til og med 31.03.2026. Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som høyrer til Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 20 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppa som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team både på sengepost og poliklinikk. Legegruppa er ein ung og framoverlent gruppe som bidreg til fagutvikling og til utdanning av nye spesialistar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utanfor arbeidsplassen.
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist
17.08.2025
Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF
Stad
Ålesund
Stillingstittel
Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering
Stillingar
1
Heiltid / Deltid
Heiltid
Tilsetjingsform
Vikariat
Stillingsprosent
100
Webcruiter-ID
4990960744
Sosial Deling
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk arbeid
- Sengepostarbeid
- Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning
- LIS har vakt for tida kvar 5. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 - 21.00, og i helg frå 09.00 – 14.00
- Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og påske
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, erfaring fra allmennmedisin er også positivt
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Søkarar som ikkje har fullført LIS1 kan også vurderast
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø med ca 10 ulike faggrupper
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Vaktordning med heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg
- Vaktfri på raude dagar i jul og påske
- Ein framtidsretta arbeidgivar som hensyntar alle livsfasar
- Internundervisning og fagutvikling
- Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
- Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Adresse: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon
Synnøve Opsahl Melseth
Seksjonsleiar
E-post: synnove.opsahl.melseth@helse-mr.no
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal