Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Skulestad- og Skulestadvegen avdelingsleiar søkjer Voss herad. Ein fagleg leiar som kan utvikla tenester for menneske med funksjonsvariasjon, med ansvar for fag, personell og økonomi.
Du vil inngå i ei leiargjeng og få støtte frå fagrådgjevarar, med høve til utvikling og godt arbeidsmiljø. Krav: bachelor i vernepleie eller anna relevant utdanning, god digital kompetanse og førarkort. Leiarerfaring er ein fordel.
Vil du vera med og utvikla gode tenester for menneske med funksjonsvariasjoner?Voss herad søkjer engasjert avdelingsleiar med hjarta for menneske og blikk for utvikling.Eining menneske med nedsett funksjonsevne (MMNF) har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar i Skulestadvegen og Skulestadtunet. Du er ein del av ei leiargruppe på seks personar, med gode moglegheiter for fagleg støtte og samarbeid.Du vil også ha tilgang til fagrådgjevarar og andre støttespelarar som bidreg til utvikling av gode tenester og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar får du ei viktig rolle i å skapa gode tenester, ein trygg kvardag for tenestemottakarane og eit godt arbeidsmiljø for medarbeidarane.
Kvalifikasjonar
Du vil mellom anna:
Kvalifikasjonar
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Om du har gullmedalje fra OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande