Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bedriftshelse1 søker ein bedriftssjukepleiar til Florø med Sunnfjord som arbeidsområde. Du vil gjere helseundersøkingar, gi helsefagleg bistand og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Stillinga krev autorisasjon som sjukepleiar, gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar. Fleksible arbeidsvilkår, god opplæring og konkurransedyktig løn inngår i tilbodet.
Bedriftshelse1 er ein leiande aktør innen bedriftshelsetenester i Vestland, og vi søkjer no etter ein bedriftssjukepleiar med kunnskap og interesse for forebygging av helseutfordringar relatert til arbeid og arbeidsmiljø. Hvis du ser etter ein jobb med fleksible arbeidsvilkår, likar kundekontakt, og ønskjer å væra ein del av eit sterkt fagmiljø med varierte utfordringar, vil vi gjerne høyre frå deg! Stillinga er knytt til vårt kontor i Florø, med heile Sunnfjord som arbeidsområde.
Helseundersøkingar og anna helsefagleg bistand
Leiarstøtte, kollegastøtte, sjukefråversarbeid og utviklingsarbeid
Kartlegging av arbeidsmiljø og arbeidsmiljøundersøkingar
Yrkesvaksinasjonar
Individuell tilrettelegging og rådgjeving
Delta i faggruppe for bedriftssjukepleiarar
Bedriftshelse1 er ein leiande aktør innen bedriftshelsetenester i Vestland, og vi søkjer no etter ein bedriftssjukepleiar med kunnskap og interesse for forebygging av helseutfordringar relatert til arbeid og arbeidsmiljø. Hvis du ser etter ein jobb med fleksible arbeidsvilkår, likar kundekontakt, og ønskjer å væra ein del av eit sterkt fagmiljø med varierte utfordringar, vil vi gjerne høyre frå deg! Stillinga er knytt til vårt kontor i Florø, med heile Sunnfjord som arbeidsområde.
Dine hovudoppgåver vil vere:
Kvalifikasjonar:
Vi tilbyr ei spennande stilling med gode kollegaer, konkurransedyktig løn, fast arbeidstid, helgefri og gode personalordningar, der du kan vere med å påverke jobbkvardagen. Vi har gode ordningar for kompetansepåfyll og personleg utvikling. Det vil bli gjeve god opplæring.
Vi har eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø. Referansar og personlege eigenskapar vert vektlagt. Jobben vil medføre ein del reising, så du må ha førarkort for personbil og disponere bil.
For spørsmål, kontakt områdeleiar Tone Botten, tlf.: 48 59 64 96.
Søknadsfrist: 20.11.2026
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste i Vestland fylke som leverer førebyggende tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 56 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 12 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet. Du finn meir informasjon om oss på www.bedriftshelse1.no