A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Aukra kommune søkjer autorisasjon og kompetent sjukepleiar til heimetenesta. Arbeidet inneheld daglege oppgåver i heimesjukepleie, med vidare drift av legevakt etter behov og tett samarbeid med institusjonstenesta.
Stillinga er i turnus med mogelegheit for langvakt og fleksible ordningar. Godt arbeidsmiljø, kompetanseutvikling og bruk av velferdsteknologi blir lagt vekt på.
Ønskjer du ein spennande kvardag med nye utffordringar som skal løysast i samarbeid med fagleg dyktitige medarbeidarar? Heimesjukepleia i Aukra kommune søkjer sjukepleiarar
Aukra kommune er ein liten øykommune med 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg omlag 25 minutt frå Molde. Kommunen består både av øy og fastland, og basen til heimesjukepleia er på øya. Det tek 10 minutt med ferge for å komme til fastlandet, og ferga er gratis. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar og omsorgssenter. Aukra Omsorgssenter sto ferdig bygd i 2018, og bygget er nytt og tilrettelagt. Kommunen fekk nytt kulturhus i 2022, og der er det stor aktivitet. Kommunen har eit rikt kulturliv, og det er gode moglegheiter til aktiv fritid og friluftsliv.
Stillinga er plassert i heimesjukepleie. Arbeidskvardagen er variert med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, og med fokus på pasientsikkerheit. Institusjonstenesta og heimesjukepleie held til i Aukra Omsorgssenter, og saman driftar sjukepleiarane legevakt på ettermiddag, kveld og helg. Som tilsett sjukepleiar vil du vere med på den daglege drifta av legevakt. Vi har eit tett samarbeid med institusjonsteneste når det gjeld bruk av sjukepleiefagleg kompetanse, og vi arbeider på tvers av einingane ved behov.
Stillinga er plassert i turnus. Vi kan legge til rette for alternative turnusordningar med langvakt til den som måtte ønskje det,så lenge drifta tillet det.
Vi søkjer deg som er autoriset sjukepleiar. Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha evne til å arbeide systematisk og sette deg inn i nye arbeidsmåtar. For å møte dei demografiske utfordringane nyttar tenesta velferdsteknologi, og omstiller tenestene ved å ta i bruk løysingar som gjer tenestene meir funksjonell og robust for framtida.
Det er ein fordel om du har spesialkomeptane på eit område som til dømes velferdsteknologi, sårstell, palliasjon, diabetes, geriatri m.m. Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 måneder
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Om du har spørsmål knytt til stilling eller turnusordningar ta kontakt med einingsleiar Nina Tomren eller avdelingsleiar Malene Lillebostad