Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Aukra kommune søker autoriserte sjukepleiarar til heimetenesta ved Aukra Omsorgssenter. Stillinga innebærer varierte kliniske oppgåver og til dømes deltakelse i legevakt etter kvardage. Turnusordningar tilpassast drift, med mulighet for langvakt ved behov.
Du blir ein del av eit tett arbeidsmiljø kombinert med etablert velferdsteknologi og samarbeid på tvers av eningar for å møte framtidas krav til pleie og omsorg.
Ønskjer du ein spennande kvardag med nye utffordringar som skal løysast i samarbeid med fagleg dyktitige medarbeidarar? Heimesjukepleia i Aukra kommune søkjer sjukepleiarar
Aukra kommune er ein liten øykommune med 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg omlag 25 minutt frå Molde. Kommunen består både av øy og fastland, og basen til heimesjukepleia er på øya. Det tek 10 minutt med ferge for å komme til fastlandet, og ferga er gratis. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar og omsorgssenter. Aukra Omsorgssenter sto ferdig bygd i 2018, og bygget er nytt og tilrettelagt. Kommunen fekk nytt kulturhus i 2022, og der er det stor aktivitet. Kommunen har eit rikt kulturliv, og det er gode moglegheiter til aktiv fritid og friluftsliv.
Stillinga er plassert i heimesjukepleie. Arbeidskvardagen er variert med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, og med fokus på pasientsikkerhet. Institusjonstenesta og heimesjukepleie held til i Aukra Omsorgssenter, og saman driftar sjukepleiarane legevakt på ettermiddag, kveld og helg. Som tilsett sjukepleiar vil du vere med på den daglege drifta av legevakt. Vi har eit tett samarbeid med institusjonsteneste når det gjeld bruk av sjukepleiefagleg kompetanse, og vi arbeider på tvers av einingane ved behov.
Stillinga er plassert i turnus. Vi kan legge til rette for alternative turnusordningar med langvakt til den som måtte ønskje det,så lenge drifta tillet det.
Vi søkjer deg som er autoriset sjukepleiar.
Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå.
Du må ha evne til å arbeide systematisk og sette deg inn i nye arbeidsmåtar.
For å møte dei demografiske utfordringane nyttar tenesta velferdsteknologi, og omstiller tenestene ved å ta i bruk løysingar som gjer tenestene meir funksjonell og robust for framtida.
Det er ein fordel om du har spesialkomeptane på eit område som til dømes velferdsteknologi, sårstell, palliasjon, diabetes, geriatri m.m.
Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Om du har spørsmål knytt til stilling eller turnusordningar ta kontakt med einingsleiar Nina Tomren eller avdelingsleiar Malene Lillebostad