Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Skjåk kommune søkjer ein framtidsretta landbrukssjef som vil leie og vidareutvikle landbrukskontoret i Lom og Skjåk. Stillinga omfattar fagleg utvikling, personalansvar og tett kontakt med næringa og politiske nivå i to kommunar.
Du vil vere ansvarleg for forvalting av tilskotsordningar, plan- og bygningssaker, naturmangfald og klima- og energiarbeid i kommunal sektor. Vi tilbyr eit fleksibelt, aktivt arbeidsmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
Vil du leie og vidareutvikle landbruksforvaltninga i fjell-Noreg? Vi søkjer ein framtidsretta, samlande og fagleg trygg landbrukssjef som vil gjere ein forskjell for landbruket, utmarka og lokalsamfunnet i Lom og Skjåk. Du får ansvar for fag, drift og utvikling av landbrukskontoret -- og du blir ein viktig rådgjevar for administrasjon og politisk nivå i begge kommunane. Du vil arbeide i ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi, der du vil få gode moglegheiter for fagleg utvikling, stor påverknad og nær kontakt med næringa.
Forvaltning og kontroll av tilskotsordningar (t.d. produksjonstilskot, RMP og SMIL-midlar) i tråd med nasjonale føringar og i samspel med statsforvaltaren.
Bidra i plan- og bygningssaker og saker om naturmangfald og motorferdsel i utmark.
Saksbehandling for tildelingar innanfor ansvarsområde for næringsfondet til Skjåk kommune
Høgare relevant utdanning, (minst bachelor), fortrinnsvis innan landbruk. Høgare utdanning innan skog-, miljø- eller naturressursforvaltning kombinert med tidlegare leiarerfaring kan kompensere for manglande utdanning innan landbruk.
Erfaring med offentleg saksbehandling og kjennskap til forvaltningslova og offentleglova vil vere ein fordel.
har leiarerfaring og/eller personalansvar frå offentleg forvaltning
har erfaring frå saksfelt som jord-, skog-, plan- og bygningssaker
har kjennskap til klima- og energiarbeid i kommunal sektor
er ein tydeleg og inkluderande leiar som prioriterer, involverer og skapar retning
har evne til å bygge tillit og godt samarbeid med næringa, fagmiljø og politiske organ

Leie og utvikle landbrukskontoret, med ansvar for fag, medarbeidarar, kvalitet og ressursar.
Saksbehandling, rettleiing og forvaltning etter jordlova, konsesjonslova, skogbrukslova og tilhøyrande forskrifter.
Forvaltning og kontroll av tilskotsordningar (t.d. produksjonstilskot, RMP og SMIL-midlar) i tråd med nasjonale føringar og i samspel med statsforvaltaren.
Bidra i plan- og bygningssaker og saker om naturmangfald og motorferdsel i utmark.
Rådgjeving i areal- og næringsutvikling, og tett dialog med næringa, næringsorganisasjonar og regionale/statlege styresmakter.
Saksbehandling for tildelingar innanfor ansvarsområde for næringsfondet til Skjåk kommune
Tenesta og oppgåvene er i stadig utvikling, og den som blir tilsett må vere førebudd og open for endring i oppgåver og ansvarsområde.
Høgare relevant utdanning, (minst bachelor), fortrinnsvis innan landbruk. Høgare utdanning innan skog-, miljø- eller naturressursforvaltning kombinert med tidlegare leiarerfaring kan kompensere for manglande utdanning innan landbruk.
Erfaring med offentleg saksbehandling og kjennskap til forvaltningslova og offentleglova vil vere ein fordel.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Førarkort klasse B.
har leiarerfaring og/eller personalansvar frå offentleg forvaltning
har erfaring frå saksfelt som jord-, skog-, plan- og bygningssaker
har erfaring knytt til arbeid med naturmangfald, samt tilskotsforvaltning og digitale fagsystem (t.d. eStil PT).
har kjennskap til klima- og energiarbeid i kommunal sektor
har kjennskap til næringsutvikling knytt til landbruk og utmark
har god digital kompetanse, og at du ser moglegheiter i digitalisering og utvikling av gode system
er ein tydeleg og inkluderande leiar som prioriterer, involverer og skapar retning
har god vurderingsevne, struktur og gjennomføringsevne
har evne til å bygge tillit og godt samarbeid med næringa, fagmiljø og politiske organ
trivst med høgt aktivitetsnivå og menneske rundt deg i jobbkvardagen
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
Pensjonsordning i KLP
Du finn også meir informasjon om kommunen og livet i bygda på nettsidene våre Sats på Skjåk og Skjåk kommune.
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, informasjon om arbeid, barnehage, skule og fritidstilbod -- og leggje til rette dersom du ønskjer prøvebu i Skjåk.
Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk (tlf. 994 27 902).
Er du busett i Skjåk og i arbeid, kan du få sletta opptil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.Les meir om ordninga på lanekassen.no
Du vil bli ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø i ein region med sterk landbruks- og utmarksprofil. Som landbrukssjef vil du kunne ha ei fleksibel arbeidstid og jobbe i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.