Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Skjåk Kommune søkjer landbrukssjef som vil leie og vidareutvikle landbrukskontoret for Lom og Skjåk. Du får fagleg ansvar, personalansvar og rapportering til kommunalsjef for miljø og samfunnsutvikling.
Du blir ein rådgjevar med tett kontakt med næring og regionale styresmakter, og du vil arbeide i eit kompetent fagmiljø i ei region med sterk landbruks- og utmarksprofil. Fleksibel arbeidstid og eit inkluderande arbeidsmiljø står sentralt.
Vil du leie og videreutvikle landbruksforvaltninga i fjell-Noreg? Vi søkjer ein framtidsretta, samlande og fagleg trygg landbrukssjef som vil gjere ein forskjell for landbruket, utmarka og lokalsamfunnet i Lom og Skjåk.
Skjåk kommune har ledig inntil 100% fast stilling som landbrukssjef frå mars 2027.
Stillinga er for tida ved landbrukskontoret for Lom og Skjåk.
Du får ansvar for fag, drift og utvikling av landbrukskontoret – og du blir ein viktig rådgjevar for administrasjon og politisk nivå i begge kommunane. Du vil arbeide i ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi, der du vil få gode moglegheiter for fagleg utvikling, stor påvirknad og nær kontakt med næringa. Du vil bli ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø i ein region med sterk landbruks og utmarksprofil. Som landbrukssjef vil du kunne ha ei fleksibel arbeidstid og jobbe i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Lom og Skjåk kommunar har etablert felles landbruksteneste der Skjåk kommune er vertskommune.
Landbrukskontoret har i dag 5 tilsette (3,6 årsverk). Du får personalansvar og rapporterer til kommunalsjef for miljø og samfunnsutvikling
Leie og utvikle landbrukskontoret, med ansvar for fag, medarbeidarar, kvalitet og ressursar.
Saksbehandling, rettleiing og forvaltning etter jordlova, konsesjonslova, skogbrukslova og tilhøyrande forskrifter.
Forvaltning og kontroll av tilskotsordningar (t.d. produksjonstilskot, RMP og SMIL midlar) i tråd med nasjonale føringar og i samspel med statsforvaltaren.
Bidra i plan og bygningssaker og saker om naturmangfald og motorferdsel i utmark.
Rådgjeving i areal og næringsutvikling, og tett dialog med næringa, næringsorganisasjonar og regionale/statlege styresmakter.
Saksbehandling for tildelingar innanfor ansvarsområde for næringsfondet til Skjåk kommune
Tenesta og oppgåvene er i stadig utvikling, og den som blir tilsett må vere førebudd og open for endring i oppgåver og ansvarsområde.
Høgare relevant utdanning, (minst bachelor), fortrinnsvis innan landbruk. Høgare utdanning innan skog-, miljø- eller naturressursforvaltning kombinert med tidlegare leiarerfaring kan kompensere for manglande utdanning innan landbruk.
Erfaring med offentleg saksbehandling og kjennskap til forvaltningslova og offentleglova vil vere ein fordel.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Førarkort klasse B.
har leiarerfaring og/eller personalansvar frå offentleg forvaltning
har erfaring frå saksfelt som jord-, skog-, plan og bygningssaker
har erfaring knytt til arbeid med naturmangfald, samt tilskotsforvaltning og digitale fagsystem (t.d. eStil PT).
har kjennskap til klima og energiarbeid i kommunal sektor
har kjennskap til næringsutvikling knytt til landbruk og utmark
har god digital kompetanse, og at du ser moglegheiter i digitalisering og utvikling av gode system
er ein tydeleg og inkluderande leiar som prioriterer, involverer og skapar retning
har god vurderingsevne, struktur og gjennomføringsevne
har evne til å bygge tillit og godt samarbeid med næringa, fagmiljø og politiske organ
trivst med høgt aktivitetsnivå og menneske rundt deg i jobbkvardagen
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
pensjonsordning i KLP
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef Roger Johansen telefonnummer: 41 51 36 87, e-post: roger.johansen@skjaak.kommune.no