Kyrkjeverje

HÅ KYRKJELEGE FELLESRÅD

Hå

On-site

NOK 650,000 - 900,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant
Application generator

Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

HÅ kyrkjelege fellesråd søker kyrkjeverje som skal leia og vidareutvikla verksemda. Som øvste administrative leiar får du eit breitt strategisk ansvar og ei sentral rolle som bindeledd mellom sokna, kommunen, tilsette og frivillige.

Du blir dagleg leiar for om lag 30 tilsette og har hovudansvaret for økonomi, administrasjon, gravplassforvaltning, kyrkjebygg og eigedomar. Stillinga krev struktur, løysingsorientering og evne til samarbeid.

Qualifications

  • Relevant høyere utdanning; erfaring fra leiing er ein fordel.
  • Erfaring frå personalansvar
  • Gode kommunikasjonsferdigheter på nynorsk og bokmål

Responsibilities

  • Leia og vidareutvikla organisasjonen og leggja til rette for eit godt arbeidsmiljø
  • Følgja opp gravplass- og kyrkjebyggforvaltninga i tråd med regelverk og tenesteytingsavtale
  • Byggja og vidareutvikla relasjonar med kommune, bispedømet, prestetenesta og andre samarbeidspartnarar
  • Leggja til rette for samspel mellom sokna og frivillig engasjement

Skills

Ledelse
Personalansvar
Kommunikasjon
Endringsledelse
Relasjonsbygging

Education

Relevant høyere utdanning

Job description

Er du ein trygg og samlande leiar med god økonomisk forståing og evne til å byggja relasjonar? Kyrkja spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet i Hå gjennom gudstenester, gravplassforvaltning, kulturarbeid og møte med menneske i alle livsfasar. Hå kyrkjelege fellesråd søkjer no ein kyrkjeverje som kan leia og vidareutvikla verksemda. Som øvste administrative leiar får du eit breitt strategisk ansvar og ei sentral rolle som bindeledd mellom sokna, kommunen, tilsette og frivillige.

Arbeidsstaden er fellesrådet sitt administrasjonskontor i Ånestadvegen 12 på Varhaug. Kyrkjeverja vert tilsett av og rapporterer til fellesrådet.

Som kyrkjeverje er du dagleg leiar for fellesrådet si verksemd og øvste leiar for om lag 30 tilsette (22 årsverk). Du har det overordna ansvaret for økonomi, administrasjon, gravplassforvaltning og drift av kyrkjebygg og eigedomar. I rolla inngår både dagleg leiing og strategisk utviklingsarbeid.

Sentrale arbeidsoppgåver for kyrkjeverja vil vera:

  • Leia og vidareutvikla organisasjonen og leggja til rette for eit godt arbeidsmiljø og godt leiarskap på alle nivå
  • Følgja opp gravplass- og kyrkjebyggforvaltninga i tråd med gjeldande regelverk og tenesteytingsavtale
  • Byggja og vidareutvikla gode relasjonar med Hå kommune, bispedømet, prestetenesta og andre samarbeidspartnarar
  • Leggja til rette for godt samspel mellom sokna og støtta opp om frivillig engasjement

Vi søkjer ein trygg og sjølvstendig leiar som trivst tett på den daglege driftsverksemda. Du er strukturert, løysingsorientert og evnar å skapa gode relasjonar til både tilsette, frivillige og kyrkjelege samarbeidspartnarar.

  • relevant høgre utdanning – relevant erfaring kan kompensera for utdanningskrav
  • erfaring frå leiing med personalansvar
  • god forståing for endringsprosessar og tilpassing i organisasjonar
  • interesse for kva rolle kyrkja har i samfunnet. Kjennskap til Den norske kyrkja er ein fordel.
  • god framstillingsevne på både nynorsk og bokmål, skriftleg og munnleg

Den som vert tilsett må vera medlem i Den norske kyrkja og kunne leggja fram politiattest. Stillinga inneber noko arbeid på kveld og i helger. Personleg eigenheit og forståing for kyrkja sin eigenart vil verta tillagt stor vekt.

Det vil verta utarbeidd offentleg søkjarliste. Du kan søkja om unntak fra offentlegheit. Dersom unntak ikkje kan gjevast, får du høve til å trekkja søknaden din.

Kvifor Hå kyrkjelege fellesråd?
  • Ei leiarrolle med reell påverkningskraft: Du får vera med og forma framtida for kyrkja i Hå gjennom ansvar for økonomi, organisasjon, eigedomar og utvikling.
  • Eit godt samarbeidsklima: Du blir del av eit fellesskap prega av tillit, engasjement og godt samarbeid på tvers av sokn, tilsette, frivillige og kommune.
  • Meiningsfull leiing i eit aktivt lokalsamfunn: Du får forvalta kyrkjer, gravplassar og kulturarv som betyr mykje for mange, og bidra til at kyrkja framleis er ein relevant og synleg aktør i lokalsamfunnet.

Vi tilbyr løn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor (Hovudorganisasjonen KA) og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Kyrkjeverje
Kyrkjeverje

Kvam Kyrkjelege Fellesråd • Norheimsund

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Kontor i Norheimsund kyrkje
Triveleg kontorfelleskap
Kyrkjeverje i 100% stilling, Kvam herad
Kyrkjeverje i 100% stilling, Kvam herad

Olav Skeie Lid • Norheimsund

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Kyrkjeverje i 100% stilling, Kvam herad
Kyrkjeverje i 100% stilling, Kvam herad

Arbeidsplassen • Norheimsund

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Kyrkjeverje: Strategisk leiar for kyrkja og drift
Kyrkjeverje: Strategisk leiar for kyrkja og drift

HÅ KYRKJELEGE FELLESRÅD • Hå

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Kyrkjeverje – leiar for fellesrådet i Hardanger
Kyrkjeverje – leiar for fellesrådet i Hardanger

Kvam Kyrkjelege Fellesråd • Norheimsund

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Kontor i Norheimsund kyrkje
Triveleg kontorfelleskap
Kirkeverge
Kirkeverge

Arbeidsplassen • Ålgård

On-site
NOK 900,000 - 1,150,000
Kirkeverge
Kirkeverge

Lillehammer kirkelige fellesråd • Lillehammer

On-site
NOK 800,000 - 1,100,000
Gode pensjonsordninger
Moderne lokaler
Kirkeverge
Kirkeverge

Nødland Svein Ingve • Ålgård

On-site
NOK 800,000 - 1,100,000
Lønn etter avtale
60% ledig stilling som kateket/kyrkjelydspedagog i Vindafjord
60% ledig stilling som kateket/kyrkjelydspedagog i Vindafjord

Vindafjord Kyrkjelege Fellesråd • Tromsø

On-site
NOK 180,000 - 240,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
KIRKEVERGE i Sunndal
KIRKEVERGE i Sunndal

Stig Rune Andreassen • Sunndalsøra

On-site
NOK 700,000 - 850,000
Lønn etter avtale og pensjonsordninger