A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Vest IKT søkjer ein strukturert koordinator til avdeling for økonomi og logistikk i Bergen. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar og har kontor to Bergen.
Du vil koordinere aktivitetar, leggje til rette for godt samarbeid og sikre framdrift på tvers av produkt og fagmiljø. Søkjarar bør vere initiativrike og strukturert i eit komplekst helseførebyggingsmiljø.
Vil du bidra til betre samhandling og effektive leveransar i Helse Vest?
Vi søkjer ein strukturert og initiativrik koordinator til avdeling for økonomi og logistikk i Helse Vest IKT.
Avdelinga har ansvar for drift, forvaltning og vidareutvikling av regionale løysingar innan innkjøp, logistikk, økonomi og verksemdsstyring, med SAP som ei sentral plattform. Vi arbeider produktorientert, med tverrfaglege team og tett samarbeid med helseføretaka.
Som koordinator vil du bidra til samhandling og framdrift på tvers av produkt, fagmiljø og interessentar. Rolla passer for deg som trivst med å skape struktur, koordinere aktivitetar og leggje til rette for godt samarbeid.
Stillinga er plassert i avdeling for økonomi og logistikk og rapporterer til avdelingsleiar. Arbeidsstad er Bergen.
Søknadsfrist:
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald fra arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no