Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Telemark Fylkeskommune søker ein kantinemedarbeidar til 45% vikariat ved Vest-Telemark vgs. Stillinga følgjer skuleåret med komprimert arbeidstid og fri i skulen sine feriar. Du blir medeigar av drift, menyplanlegging og innkjøp, og vil ha ansvaret for produksjon og sal av mat og drikke i kantina.
Du må hava erfaring frå matproduksjon i kantine eller liknande, samt erfaring frå arbeid med ungdom og politiattest. Norsk som arbeidsspråk er eit krav.
45% vikariat som kantinemedarbeidar
Vi søkjer etter ein kantinemedarbeidar til 45% vikariat. Stillinga fylgjer i hovudsak skuleåret. Dette inneber komprimert arbeidstid til 50% av ei 100% stilling i skuleåret og fri i skulen sine feriar. I stillinga ligg og nedvask av kantine etter skuleslutt, og planlegging og varebestilling før oppstart etter skuleferiar i samarbeid med den andre kantinemedarbeidaren.
Oppstart snarast/etter avtale og med varigheit fram til nyttår.
Som kantinemedarbeidar ved Vest-Telemark vgs vil du dele ansvaret for drift av kantina med ein kollega som arbeider dagane du ikkje er på jobb. Det inneber at ein har aleineansvaret for drift av kantina to og tre dagar annankvar veke. Ein har då ansvar for menyplanlegging, produksjon og sal av mat og drikke, sikre at alt er gjort i tråd med gjeldande regelverk og rutinar, innkjøp m.m. Kantina fyller og ein viktig funksjon som arena for arbeidslivstrening for elevar på AHT.
Vi er på utkikk etter deg som ynskjer å levere god service, oppretthalde og videreutvikle kantina som ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen. Du må ha gode samarbeidsevner, og trivast med å arbeide med ungdom.
Stillinga er i avdeling for administrasjon og drift saman med reinhald, byggdrift og kontor. Om ein i tillegg har erfaring frå reinhald kan det og vere aktuelt med sporadiske oppdrag som vikar der. Det kan og bli sporadisk behov som tilkallingsvikar i kantina på dagar ein normalt ikkje arbeider i kantina.
Det er ønskjeleg med erfaring frå produksjon og sal av mat i kantine, kafé, storkjøkken eller liknande.
Det er ønskjeleg med erfraring frå arbeid med ungdom.
Det er krav om politiattest for tilsetjing i skule.
Det er eit krav å beherske norsk som arbeidsspråk.
Tidspunkt for når ein kan starte i vikariatet kan bli lagt vekt på i val av kandidat til vikariatet.
Det blir vurdert og lagt vekt på om ein er personleg egna.
I denne stillinga har du rett på ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentlig tenestepensjon ei utbetaling som varer livet ut frå den dagen du sluttar å arbeide. Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)
Talleiv Metveit, Avdelingsleder administrasjon, 95707272
gatan1
7454Hotello Group
Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune
Referansenr.: 5195128661
Stillingsprosent: 45%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.10.2026