Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Vest-Telemark vidaregåande skule søkjer ein kantinemedarbeidar i 45% vikariat. Stillinga følger hovudsak skuleåret, med komprimert arbeidstid til 50% av ei 100% stilling i skuleåret og fri i skulen sine feriar.
Du vil dele ansvaret for kantina med ein kollega og ha ansvar for planlegging av meny, produksjon og sal av mat og drikke, i tillegg til å sikre at alt følgjer gjeldande regelverk og innkjøp. Kantina er også ein viktig arena for arbeidslivstrening for elevane ved skulen.
Vi søkjer etter ein kantinemedarbeidar til 45% vikariat. Stillinga fylgjer i hovudsak skuleåret. Dette inneber komprimert arbeidstid til 50% av ei 100% stilling i skuleåret og fri i skulen sine feriar. I stillinga ligg og nedvask av kantine etter skuleslutt, og planlegging og varebestilling før oppstart etter skuleferiar i samarbeid med den andre kantinemedarbeidaren.
Oppstart snarast/etter avtale og med varigheit fram til nyttår.
Som kantinemedarbeidar ved Vest-Telemark vgs vil du dele ansvaret for drift av kantina med ein kollega som arbeider dagane du ikkje er på jobb. Det inneber at ein har aleineansvaret for drift av kantina to og tre dagar annankvar veke. Ein har då ansvar for menyplanlegging, produksjon og sal av mat og drikke, sikre at alt er gjort i tråd med gjeldande regelverk og rutinar, innkjøp m.m. Kantina fyller og ein viktig funksjon som arena for arbeidslivstrening for elevar på AHT.
Vi er på utkikk etter deg som ynskjer å levere god service, oppretthalde og vidareutvikle kantina som ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen. Du må ha gode samarbeidsevner, og trivast med å arbeide med ungdom.
Stillinga er i avdeling for administrasjon og drift saman med reinhald, byggdrift og kontor. Om ein i tillegg har erfaring frå reinhald kan det og vere aktuelt med sporadiske oppdrag som vikar der. Det kan og bli sporadisk behov som tilkallingsvikar i kantina på dagar ein normalt ikkje arbeider i kantina.
Det blir vurdert og lagt vekt på om ein er personleg egna.
I denne stillinga har du rett på ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentlig tenestepensjon ei utbetaling som varer livet ut frå den dagen du sluttar å arbeide. Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)
Talleiv Metveit,Avdelingsleder administrasjon,95707272
gatan1
7454Hotello Group
Vest-Telemark vidaregåande skule ligg på Dalen i Tokke kommune og hentar elevar frå heile Vest-Telemark. Regionen byr på ei rik kulturhistorie, har eit innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med rike tilhøve for friluftsaktivitetar.
Elevar på Vest-Telemark vidaregåande skule kan velje mellom utdanningar innan Studiespesialisering, Helse- og oppvekst, Teknologi og industrifag, Elektro, og tilrettelagt opplæring. Skulen tilbyr også påbygg for studiekompetanse, kombinasjonsklasse for ungdomar som treng grunnskuleopplæring før vidaregåande, og har også eit tilbod om vekslingsmodell der elevar kan kombinere læretid og skule. Vidare er det høve til å bli sertifisert for Skuter klasse S ved skulen.