Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har ledig eit 1 vikariat som jordmor med oppstart snarast. Avdelinga for kirurgi og føde er ein mor/barn-vennleg seksjon med høg aktivitet, og SNR ligg i eit nyoppretta fellessjukehus på Hjelset i Molde.
Vi tilbyr ein-til-ein omsorg gjennom aktiv fødsel, ammerettleiing og godt tverrfagleg samarbeid. Søkjarar med meir enn eitt års erfaring frå fødeavdeling vert føretrekt, men krav blir vurdert individuelt.
Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Velkomen til oss som jordmor ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal!
Vi har ledig 1 vikariat som jordmor med oppstart frå snarast.
Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar, og stor aktivitet. Vi har godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset.
Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ein mor/barn vennleg seksjon (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi mellom anna jordmor tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epidural analgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise.
Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren.
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad. Søknader vil bli vurdert fortløpende.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal