Enable job alerts via email!
En helsetjeneste i Norge søker jordmor i deltids- og heltidsvikariat. Stillingen inkluderer arbeid i føde- og barselseksjoner med fokus på pasientsikkerhet og samarbeid. Søkere må ha norsk autorisasjon som jordmor, gode norskkunnskaper, og en interesse for å jobbe i et hektisk miljø. Vi tilbyr et støttende arbeidsmiljø med muligheter for faglig utvikling.
Opplev ein meiningsfull karriere som jordmor! Har du lyst på ein spennande, givande og fagleg utviklande jobb? Vi har to ledige vikariat i 75% -100% stilling for jordmor frå snarast tom 31.05.26
Seksjon føde/barsel i Ålesund har om lag 1200 fødslar i året. Vi tilbyr eit dynamisk arbeidsmiljø med fokus på både normalfødsel og spesialisert fødselshjelp. Hos oss arbeider vi i team og har høg fagleg standard, tett samarbeid og kontinl eg utvikling som mål. Vi legg stor vekt på å skape ei trygg og omsorgsfull oppleving for pasientane gjennom heile svangerskaps-, fødsels- og barselperioden.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og ønskjer deg hjarteleg velkomen som søkjar til ein meiningsfull og variert arbeidskvardag!
Følg oss gjerne på Instagram; fodeavdelingen_alesund_hmr.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist
05.10.2025
Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF
Stad
Ålesund
Stillingstittel
Jordmor
Heiltid / Deltid
Deltid, Heiltid
Tilsetjingsform
Vikariat
Stillingsprosent
75, 100
Startdato
01.09.2025
Sluttdato
31.03.2026
Sosial Deling
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal