Jobbspesialist IPS

Vibeke Gjervik

Kleppestø

On-site

NOK 520,000 - 690,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø

Job summary

Askøy kommune søkjer ein engasjert jobbspesialist til vårt IPS Ung-team ved Nav Askøy i Region Vest. Du arbeidar etter IPS-metodikk og bidreg til å hjelpe ungdom under 30 år ut i arbeid eller utdanning.

Du blir ein del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett med Nav, helseteneste og skular, samt arbeidsgjevarar. Stillinga prioriterer nettverksbygging og systematisk oppfølging for å skape konkrete kundevery.

Qualifications

  • Utdanning på minimum bachelornivå fra høgskule eller universitet.
  • Erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS eller SE.
  • Førarkort klasse B.

Responsibilities

  • Følgje opp ungdom i alderen opptil 30 år på vegen mot arbeid eller utdanning, i tråd med IPS.
  • Kartleggje ressursar, interesser og ønskje knytte til arbeid og utdanning.
  • Rettleie og kartleggje ungdommane sine interesser og evner, og matche dei med skular eller arbeidsgjevarar.
  • Skaffe og halde på utdanning eller arbeid for ungdom.
  • Etablere kontakt med arbeidsgjevarar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning (om lag 60% av arbeidstida ute hos arbeidsgjevarar).
  • Følgje opp og samarbeide med arbeidsgjevarar, skular, Rettleiingstenesta og helsetenesta.

Skills

IPS erfaring
IPS/SE kjennskap
Førarkort B

Education

Bachelorgrad fra høgskule/universitet

Job description

Nav Askøy søkjer engasjert jobbspesialist!

Bankar hjartet ditt litt ekstra for ungdom som ønskjer å ta steget vidare mot arbeid eller utdanning?

Om du trivst med oppsøkjande verksemd, er god på kommunikasjon og har tru på at du kan gjere ein forskjell for unge menneske i ein krevjande livssituasjon, og ser føre deg at du kan arbeide tverrfagleg saman med behandlarar innan psykisk helse, så kan dette vere den rette jobben for deg.

Vi søkjer no ein jobbspesialist til vårt IPS Ung-team i Nav Region Vest ved Nav Askøy i fast stilling.

Dersom du ser moglegheiter der andre ser hindringar, og ønskjer å bidra til at fleire ungdomar får nytte ressursane sine i arbeidslivet eller utdanning, håpar vi at du søkjer stillinga.

Som IPS-jobbspesialist arbeider du etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS), der målet er å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar ut i arbeid eller utdanning. Metoden byggjer på eit tett og forpliktande samarbeid mellom ungdom, Nav, helsetenesta, skulen, føresette og arbeidsgjevarane. Primærmålgruppa vil vere ungdom under 30 år.
Som ein del av ungdomsgarantien i Nav skal du vere med på å sikre god og tett oppfølging av unge. Som jobbspesialist i IPS Ung vil du inngå i eit tverrfagleg samarbeid mellom Nav og helse. IPS er ein integrert skule- og arbeidsretta del av behandlingstilbodet til menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem, eller nedsett funksjonsevne.

Du vil vere knytt til Origo Askøy. Origo Askøy – livsmeistring, psykisk helse og rus – tilbyr hjelp til innbyggjarar i alle aldrar. Origo tilbyr hjelp til dei som slit med psykiske helseplager, rus, utfordringar i foreldrerolla med meir. Origo Askøy består av to avdelingar, ei for barn og unge og ei for vaksne og eldre. Denne stillinga er knytt til ungdomsteamet, som er organisert under avdeling Barn og unge. Teamet er tverrfagleg samansett og har brei erfaring innan psykisk helsearbeid med barn og unge, familie- og rusarbeid, samt førebyggjande arbeid og inkludering.

Du blir ein del av eit engasjert team som veit at vegen til arbeid ikkje alltid er rett fram. Teamet består av metoderettleiar og tre andre jobbspesialistar. Gjennom tett oppfølging, målretta arbeid og gode relasjonar bidreg du til å opne dører og skape moglegheiter for menneske som ønskjer å delta i arbeidslivet. Samarbeidet med arbeidsgjevarar er ein sentral del av arbeidet.
Du vil vere knytt både til Nav Askøy/Region Vest og Origo Askøy kommune. Kontorplassen din vil vere saman med gode kollegaer hos Origo Askøy kommune.
Mykje av arbeidstida din blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegne av ungdomane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning.

På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling og har eit godt arbeidsmiljø med ulike sosiale aktivitetar. Kontoret vårt har 70 tilsette fordelte på fire avdelingar. Vi held til i aktivitetsbaserte lokale på Kleppestø Senter, berre 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss kjem du køfritt fra Bergen til Askøy.
Nav Askøy er regionkontor i Region Vest, og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen. Du vil vere ein del av den nye regionale avdelinga vår, som har både marknad, tiltak og jobbspesialistar samla i same avdeling. Avdelinga er knytt til begge kontora og vil vere til stades ved begge lokasjonane.

Arbeidsoppgaver

Jobbspesialistane skal ha fokus på å bistå personar ut i ordinært arbeid eller utdanning. Du skal arbeide etter IPS-metodikken, følgje deltakarane tett og bruke mykje tid på rekruttering og inkludering i det ordinære arbeidslivet eller utdanning. Du må ha fagleg engasjement, pågangsmot, gode kommunikasjonsevner og vere ein nettverksbyggjar. Samhandling med fleire tenester er ein viktig del av arbeidskvardagen.
Jobbspesialisten i IPS Ung-teamet skal arbeide med ungdom under 30 år som har rus- og psykiske helseutfordringar. Du vil vere knytt til eit oppfølgingsteam som du er ein del av.

Arbeidsoppgåver:
  • Følgje opp ungdom i alderen opptil 30 år på vegen mot arbeid eller utdanning, i tråd med metoden Individuell jobbstøtte (IPS)
  • Kartleggje ressursar, interesser og ønskje knytte til arbeid og utdanning hos ungdommen
  • Rettleie og kartleggje ungdomane sine interesser, sterke sider, ferdigheitar og evner, og bidra til å matche dei med eigna skular eller arbeidsgjevarar
  • Bistå ungdomane med å skaffe og halde på utdanning eller arbeid
  • Etablere kontakt med arbeidsgjevarar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning (mål om lag 60 prosent av arbeidstida ute hos arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar)
  • Følgje opp og samarbeide tett med arbeidsgjevarar, skular, Rettleiingstenesta og helsetenesta
  • Ha ansvar for eiga portefølje, dokumentasjon og rapportering i Nav sine fagsystem
  • Bidra til måloppnåing og gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning
  • Arbeide systematisk etter IPS-metodikken
  • Delta i og samarbeide tett med tverrfaglege team og jobbspesialistteam

Endringer i arbeidsoppgåvene kan førekome.

Kvalifikasjoner
Du må ha:
  • Utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
  • Erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS eller SE (Supported Employment).
  • Relevant erfaring for den stillinga du søkjer på.
  • Førarkort klasse B.
Det er ønskjeleg at du har:
  • Erfaring med å arbeide med motivasjon og rettleiing av ungdom.
  • God relasjonskompetanse.
  • Kunnskap om det lokale arbeidsmarknaden.
  • Gode digitale ferdigheitar.
  • Erfaring frå rettleiingsarbeid med unge menneske i utsette livssituasjonar.
  • Erfaring med oppsøkjande nettverksbygging.

Vi ser etter deg som har tru på at menneske, trass i psykiske lidingar, rusutfordringar eller språklege utfordringar, kan få og halde på ordinært arbeid. Du møter menneske med respekt og positive forventningar, og har evne til å sjå moglegheiter framfor avgrensingar.

Personlige egenskaper
  • du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • du kommuniserer godt og skaper tillit hjå menneske med ulike behov og føresetnader
  • du trivst med oppsøkjande arbeid og med å skape kontakt med nye menneske
  • du er løysingsorientert og ser moglegheiter
  • du arbeider sjølvstendig og målretta, med fokus på kvalitet og resultat
  • du toler uforutsigbarheit og evnar å setje grenser for deg sjølv og andre.

Det er særleg viktig at du er initiativrik og har gode samarbeidsevner. Dette vil bli lagt vekt på i vurderinga av søkjarane.

Vi tilbyr
  • Lønn etter gjeldende avtaleverk
  • Gode pensjonsordninger
  • Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Godt arbeidsmiljø
Generelle opplysninger:

I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om å ikke bli oppført på søkerlisten. Dersom ønsket ikke etterkommes, vil søkeren bli varslet om dette før søkerliste utarbeides.

Kontaktinformasjon

Vibeke Gjervik,Avdelingsleiar,(+47) 40 47 71 19

Arbeidssted

Kleppestø senter

5300Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Askøy kommune

Referansenr.: 5174440575

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.11.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Jobbspesialist IPS
Jobbspesialist IPS

Askøy kommune • Kjerrgarden

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Jobbspesialist IPS
Jobbspesialist IPS

Nav Askøy, Askøy kommune • Kleppestø

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø
Jobbspesialist IPS
Jobbspesialist IPS

Askøy Kommune • Askøy

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Lønn etter gjeldende avtaleverk
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
+1
IPS Jobbspesialist
IPS Jobbspesialist

Nordland, Nav • Leknes

On-site
NOK 639,000 - 680,000
Er du opptatt av inkludering, relasjoner og resultater? Bli jobbspesialist hos oss!
Er du opptatt av inkludering, relasjoner og resultater? Bli jobbspesialist hos oss!

Rogaland IPS, Nav • Bryne

On-site
NOK 640,000 - 680,000
Fleksibel arbeidstid
Time per uke til fysisk aktivitet
Gode pensjonsordninger via SPK
IPS Ung Jobbspesialist: Veileder mot arbeid og utdanning
IPS Ung Jobbspesialist: Veileder mot arbeid og utdanning

Askøy kommune • Kjerrgarden

On-site
NOK 520,000 - 700,000
IPS Ung-jobbspesialist: Veileder mot arbeid
IPS Ung-jobbspesialist: Veileder mot arbeid

Vibeke Gjervik • Kleppestø

On-site
NOK 520,000 - 690,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø
Seniorrådgiver
Seniorrådgiver

Britt Fjærestrand-Børke • Lillestrøm

On-site
NOK 720,000 - 790,000
Spennende arbeidsoppgaver
Aktive kolleger
Lønn 720000-790000
+1
Seniorrådgiver
Seniorrådgiver

Arbeid og helse, Nav Øst-Viken • Lillestrøm

Hybrid
NOK 720,000 - 790,000
Hjemmekontor etter avtale
Pensjonsordning gjennom Statens pensj
Spennende arbeidsoppgaver
Jobbspesialist IPS Ung – Skap arbeidsmuligheter for ungdom
Jobbspesialist IPS Ung – Skap arbeidsmuligheter for ungdom

Nav Askøy, Askøy kommune • Kleppestø

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø