Jobbspesialist IPS

Askøy Kommune

Askøy

On-site

NOK 520,000 - 640,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Lønn etter gjeldende avtaleverk
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø

Job summary

Askøy kommune søkjer ein IPS Ung-jobbspesialist til NAV Askøy i fast stilling. Arbeidsoppgåvene krev å støtte ungdom under 30 år mot arbeid eller utdanning gjennom IPS-metodikken, tett oppfølging og samarbeid med arbeidsgjevarar, skular og helsetenesta.

Du vil vere tilknytt Origo Askøy og NAV Region Vest, og kontoret ligg på Kleppestø. Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt arbeidsmiljø og evne til å byggje nettverk for å påverke livskvalitet gjennom målretta tiltak.

Qualifications

  • Utdanning på minimum bachelornivå fra høgskule eller universitet.
  • Erfaring med IPS eller kjennskap til IPS-prinsippa.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode digitale ferdigheiter.

Responsibilities

  • Følgje opp ungdom i alderen opptil 30 år på vegen mot arbeid eller utdanning, i tråd med metoden Individuell jobbstøtte (IPS).
  • Kartleggje ressursar, interesser og ønskje knytte til arbeid og utdanning hos ungdommen.
  • Rettleie og kartleggje ungdomane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner, og bidra til å matche dei med eigna skular eller arbeidsgjevarar.
  • Bistå ungdomane med å skaffe og halde på utdanning eller arbeid.
  • Etablere kontakt med arbeidsgjevarar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning (mål om lag 60 prosent av arbeidstida ute hos arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar).
  • Følgje opp og samarbeide tett med arbeidsgjevarar, skular, Rettleiingstenesta og helsetenesta.
  • Ha ansvar for eiga portefølje, dokumentasjon og rapportering i Nav sine fagsystem.
  • Bidra til måloppnåing og gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning.
  • Arbeide systematisk etter IPS-metodikken.
  • Delta i og samarbeide tett med tverrfaglege team og jobbspesialistteam.
  • Endringar i arbeidsoppgåvene kan førekome.

Skills

Kommunikasjonsevner
Nettverksbygging
Initiativ
Selvstendig arbeid
Teamarbeid

Education

Bachelorgrad eller tilsvarende

Job description

Om stillingen

Bankar hjartet ditt litt ekstra for ungdom som ønskjer å ta steget vidare mot arbeid eller utdanning?

Om du trivst med oppsøkjande verksemd, er god på kommunikasjon og har tru på at du kan gjere ein forskjell for unge menneske i ein krevjande livssituasjon, og ser føre deg at du kan arbeide tverrfagleg saman med behandlarar innan psykisk helse, så kan dette vere den rette jobben for deg.

Vi søkjer no ein jobbspesialist til vårt IPS Ung-team i Nav Region Vest ved Nav Askøy i fast stilling.

Dersom du ser moglegheiter der andre ser hindringar, og ønskjer å bidra til at fleire ungdomar får nytte ressursane sine i arbeidslivet eller utdanning, håpar vi at du søkjer stillinga.

Som IPS-jobbspesialist arbeider du etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS), der målet er å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar ut i arbeid eller utdanning. Metoden byggjer på eit tett og forpliktande samarbeid mellom ungdom, Nav, helsetenesta, skulen, føresette og arbeidsgjevarane. Primærmålgruppa vil vere ungdom under 30 år.

Som ein del av ungdomsgarantien i Nav skal du vere med på å sikre god og tett oppfølging av unge. Som jobbspesialist i IPS Ung vil du inngå i eit tverrfagleg samarbeid mellom Nav og helse. IPS er ein integrert skule- og arbeidsretta del av behandlingstilbodet til menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem, eller nedsett funksjonsevne.

Du vil vere knytt til Origo Askøy. Origo Askøy - livsmeistring, psykisk helse og rus - tilbyr hjelp til innbyggjarar i alle aldrar. Origo tilbyr hjelp til dei som slit med psykiske helseplager, rus, utfordringar i foreldrerolla med meir. Origo Askøy består av to avdelingar, ei for barn og unge og ei for vaksne og eldre. Denne stillinga er knytt til ungdomsteamet, som er organisert under avdeling Barn og unge. Teamet er tverrfagleg samansett og har brei erfaring innan psykisk helsearbeid med barn og unge, familie- og rusarbeid, samt førebyggjande arbeid og inkludering.

Du blir ein del av eit engasjert team som veit at vegen til arbeid ikkje alltid er rett fram. Teamet består av metoderettleiar og tre andre jobbspesialistar. Gjennom tett oppfølging, målretta arbeid og gode relasjonar bidreg du til å opne dører og skape moglegheiter for menneske som ønskjer å delta i arbeidslivet. Samarbeidet med arbeidsgjevarar er ein sentral del av arbeidet.

Du vil vere knytt både til Nav Askøy/Region Vest og Origo Askøy kommune. Kontorplassen din vil vere saman med gode kollegaer hos Origo Askøy kommune.

Mykje av arbeidstida din blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegne av ungdomane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning.

På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling og har eit godt arbeidsmiljø med ulike sosiale aktivitetar. Kontoret vårt har 70 tilsette fordelte på fire avdelingar. Vi held til i aktivitetsbaserte lokale på Kleppestø Senter, berre 12 minutt med båt fra Bergen sentrum. Med bil eller buss kjem du køfritt frå Bergen til Askøy.

Nav Askøy er regionkontor i Region Vest, og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen. Du vil vere ein del av den nye regionale avdelinga vår, som har både marknad, tiltak og jobbspesialistar samla i same avdeling. Avdelinga er knytt til begge kontora og vil vere til stades ved begge lokasjonane.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
01.11.2026

Arbeidsgiver:
Askøy kommune

Sted:
Kleppestø

Stillingstittel:
Jobbspesialist IPS

Stillinger:
1

Heltid / Deltid:
Heltid

Ansettelsesform:
Fast

Stillingsprosent:
100

Arbeidsoppgaver

Jobbspesialistane skal ha fokus på å bistå personar ut i ordinært arbeid eller utdanning. Du skal arbeide etter IPS-metodikken, følgje deltakarane tett og bruke mykje tid på rekruttering og inkludering i det ordinære arbeidslivet eller utdanning. Du må ha fagleg engasjement, pågangsmot, gode kommunikasjonsevner og vere ein nettverksbyggjar. Samhandling med fleire tenester er ein viktig del av arbeidskvardagen.

Jobbspesialisten i IPS Ung-teamet skal arbeide med ungdom under 30 år som har rus- og psykiske helseutfordringar. Du vil vere knytt til eit oppfølgingsteam som du er ein del av.

  • Følgje opp ungdom i alderen opptil 30 år på vegen mot arbeid eller utdanning, i tråd med metoden Individuell jobbstøtte (IPS)
  • Kartleggje ressursar, interesser og ønskje knytte til arbeid og utdanning hos ungdommen
  • Rettleie og kartleggje ungdomane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner, og bidra til å matche dei med eigna skular eller arbeidsgjevarar
  • Bistå ungdomane med å skaffe og halde på utdanning eller arbeid
  • Etablere kontakt med arbeidsgjevarar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning (mål om lag 60 prosent av arbeidstida ute hos arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar)
  • Følgje opp og samarbeide tett med arbeidsgjevarar, skular, Rettleiingstenesta og helsetenesta
  • Ha ansvar for eiga portefølje, dokumentasjon og rapportering i Nav sine fagsystem
  • Bidra til måloppnåing og gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning
  • Arbeide systematisk etter IPS-metodikken
  • Delta i og samarbeide tett med tverrfaglege team og jobbspesialistteam

Endringer i arbeidsoppgåvene kan førekome.

Kvalifikasjoner
Du må ha:
  • Utdanning på minimum bachelornivå fra høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
  • Erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS eller SE (Supported Employment).
  • Relevant erfaring for den stillinga du søkjer på.
  • Førarkort klasse B.

Det er ønskjeleg at du har:

  • Erfaring med å arbeide med motivasjon og rettleiing av ungdom.
  • God relasjonskompetanse.
  • Kunnskap om det lokale arbeidsmarknaden.
  • Gode digitale ferdigheiter.
  • Erfaring frå rettleiingsarbeid med unge menneske i utsette livssituasjonar.
  • Erfaring med oppsøkjande nettverksbygging.

Vi ser etter deg som har tru på at menneske, trass i psykiske lidingar, rusutfordringar eller språklege utfordringar, kan få og halde på ordinært arbeid. Du møter menneske med respekt og positive forventningar, og har evne til å sjå moglegheiter framfor avgrensingar.

Det er særleg viktig at du er initiativrik og har gode samarbeidsevner. Dette vil bli lagt vekt på i vurderinga av søkjarane.

Personlige egenskaper
  • du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • du kommuniserer godt og skaper tillit hjå menneske med ulike behov og føresetnader
  • du trivst med oppsøkjande arbeid og med å skape kontakt med nye menneske
  • du er løysingsorientert og ser moglegheiter
  • du arbeider sjølvstendig og målretta, med fokus på kvalitet og resultat
  • du toler uforutsigbarheit og evnar å setje grenser for deg sjølv og andre.
Vi tilbyr
  • Lønn etter gjeldende avtaleverk
  • Gode pensjonsordninger
  • Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Godt arbeidsmiljø

Generelle opplysninger: I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om å ikke bli oppført på søkerlisten. Dersom ønsket ikke etterkommes, vil søkeren bli varslet om dette før søkerliste utarbeides.

Eventuelle vitnemål og attester skal legges inn som vedlegg til søknaden.

Adresse

Kleppestø senter, 5300 Kleppestø, Norge

Åpne veibeskrivelse (i ny fane)
Kontaktinformasjon
Vibeke Gjervik

Avdelingsleiar

Telefon: (+47) 40 47 71 19

Om arbeidsgiveren
Raus - interessert - modig - kompetent

Askøy kommune er med våre rundt 30.000 innbyggere og 2000 medarbeidere en av de største kommunene og arbeidsplassene i Vestland fylke. Askøy ligger nordvest for Bergen, og det tar kun 15 minutter å kjøre fra Bergen sentrum til kommunesenteret Kleppestø. Det er også enkelt å reise kollektivt med hurtigbåt eller buss.

Sammen jobber vi for å gi øyens innbyggere et godt bomiljø med gode helse- og velferdstjenester, oppvekst- og utdanningsmuligheter, og kultur- og fritidstilbud.

For at vi skal kunne løse oppgavene våre best mulig trenger vi medarbeidere med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiver. Vi ser på mangfold som en styrke, og oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Jobbspesialist IPS
Jobbspesialist IPS

Nav Askøy, Askøy kommune • Kleppestø

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø
Jobbspesialist IPS
Jobbspesialist IPS

Vibeke Gjervik • Kleppestø

On-site
NOK 520,000 - 690,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø
Hvilende nattevakt og ledig stilling helg i omsorgsbolig psykisk helse
Hvilende nattevakt og ledig stilling helg i omsorgsbolig psykisk helse

Askøy kommune • Askøy

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Lønn etter gjeldende avtaleverk
Hvilende nattevakt og ledig stilling helg i omsorgsbolig psykisk helse
Hvilende nattevakt og ledig stilling helg i omsorgsbolig psykisk helse

Askøy kommune • Kjerrgarden

On-site
NOK 260,000 - 340,000
Lønn etter avtaleverk
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Logoped med pedagogisk kompetanse
Logoped med pedagogisk kompetanse

Askøy Kommune • Askøy

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø
Hvilende nattevakt og ledig stilling helg i omsorgsbolig psykisk helse
Hvilende nattevakt og ledig stilling helg i omsorgsbolig psykisk helse

Boligsosial enhet, Askøy kommune • Kleppestø

On-site
NOK 420,000 - 490,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø
Logoped med pedagogisk kompetanse
Logoped med pedagogisk kompetanse

Sektor Skole, Askøy kommune • Askøy

On-site
NOK 590,000 - 720,000
Lønn etter gjeldende avtaleverk
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
+1
Jobbspesialist IPS
Jobbspesialist IPS

Askøy kommune • Kjerrgarden

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Vi utvider teamet vårt – bli vår nye sykepleier
Vi utvider teamet vårt – bli vår nye sykepleier

Askøy kommune • Strusshamn

On-site
NOK 600,000 - 680,000
Gode pensjonsordninger (KLP for sykepr
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Årsturnus (35,5 timers uke)
+1
Vi utvider teamet vårt – bli vår nye sykepleier!
Vi utvider teamet vårt – bli vår nye sykepleier!

Askøy kommune • Strusshamn

On-site
NOK 650,000 - 710,000
Gode pensjonsordninger (KLP)
Årsturnus 35,5 timers uke
Bedriftsidrettslag AKBIL
+1