Jobbspesialist IPS

Askøy kommune

Kjerrgarden

On-site

NOK 520,000 - 700,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Askøy kommune søker ein engasjert IPS-jobbspesialist til IPS Ung-teamet ved Nav Askøy i Region Vest. Du vil arbeide for å hjelpe ungdom under 30 år med psykiske helseutfordringar og rusutfordringar inn i arbeid eller utdanning.

Stillinga krev opplæring i IPS-metodikken, tett oppfølging av deltakarar og god samhandling med skule, helse, NAV og arbeidsgjevarar. Ei viktig støtte blir bygging av nettverk og målretta rekruttering.

Qualifications

  • Utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet.
  • Erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippane i IPS eller SE.
  • Relevant erfaring for den stillinga du søkjer på.

Responsibilities

  • Rettleie og kartleggje ungdommane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner, og matche dei med eigna skular eller arbeidsgjevarar.
  • Etter IPS-metodikken følgje deltakarane tett og bruke mykje tid på rekruttering og inkludering i ordinært arbeidsliv eller utdanning.
  • Samarbeide tverrfagleg mellom Nav, helse og føresette, og byggje vekst i ungdommens nettverk.

Skills

Kommunikasjon
IPS-kunnskap
Nettverksbygging
Motivasjon av ungdom

Education

Bachelorgrad

Job description

Nav Askøy søkjer engasjert jobbspesialist!

Bankar hjartet ditt litt ekstra for ungdom som ønskjer å ta steget videre mot arbeid eller utdanning?

Om du trivst med oppsøkjande verksemd, er god på kommunikasjon og har tru på at du kan gjere ein forskjell for unge menneske i ein krevjande livssituasjon, og ser føre deg at du kan arbeide tverrfagleg saman med behandlarar innan psykisk helse, så kan dette vere den rette jobben for deg.

Vi søkjer no ein jobbspesialist til vårt IPS Ung-team i Nav Region Vest ved Nav Askøy i fast stilling.

Dersom du ser moglegheiter der andre ser hindringar, og ønskjer å bidra til at fleire ungdomar får nytte ressursane sine i arbeidslivet eller utdanning, håpar vi at du søkjer stillinga.

Som IPS-jobbspesialist arbeider du etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS), der målet er å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar ut i arbeid eller utdanning. Metoden byggjer på eit tett og forpliktande samarbeid mellom ungdom, Nav, helsetenesta, skulen, føresette og arbeidsgjevarane. Primærmålgruppa vil vere ungdom under 30 år.
Som ein del av ungdomsgarantien i Nav skal du vere med på å sikre god og tett oppfølging av unge. Som jobbspesialist i IPS Ung vil du inngå i eit tverrfagleg samarbeid mellom Nav og helse. IPS er ein integrert skule- og arbeidsretta del av behandlingstilbodet til menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem, eller nedsett funksjonsevne.

Du vil vere knytt til Origo Askøy. Origo Askøy – livsmeistring, psykisk helse og rus – tilbyr hjelp til innbyggjarar i alle aldrar. Origo tilbyr hjelp til dei som slit med psykiske helseplager, rus, utfordringar i foreldrerolla med meir. Origo Askøy består av to avdelingar, ei for barn og unge og ei for vaksne og eldre. Denne stillinga er knytt til ungdomsteamet, som er organisert under avdeling Barn og unge. Teamet er tverrfagleg samansett og har brei erfaring innan psykisk helsearbeid med barn og unge, familie- og rusarbeid, samt førebyggjande arbeid og inkludering.

Du blir ein del av eit engasjert team som veit at vegen til arbeid ikkje alltid er rett fram. Teamet består av metoderettleiar og tre andre jobbspesialistar. Gjennom tett oppfølging, målretta arbeid og gode relasjonar bidreg du til å opne dører og skape moglegheiter for menneske som ønskjer å delta i arbeidslivet. Samarbeidet med arbeidsgjevarar er ein sentral del av arbeidet.
Du vil vere knytt både til Nav Askøy/Region Vest og Origo Askøy kommune. Kontorplassen din vil vere saman med gode kollegaer hos Origo Askøy kommune.
Mykje av arbeidstida din blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegne av ungdomane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning.

På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling og har eit godt arbeidsmiljø med ulike sosiale aktivitetar. Kontoret vårt har 70 tilsette fordelte på fire avdelingar. Vi held til i aktivitetsbaserte lokale på Kleppestø Senter, berre 12 minutt med båt fra Bergen sentrum. Med bil eller buss kjem du køfritt frå Bergen til Askøy.
Nav Askøy er regionkontor i Region Vest, og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen. Du vil vere ein del av den nye regionale avdelinga vår, som har både marknad, tiltak og jobbspesialistar samla i same avdeling. Avdelinga er knytt til begge kontora og vil vere til stades ved begge lokasjonane.

Jobbspesialistane skal ha fokus på å bistå personar ut i ordinært arbeid eller utdanning. Du skal arbeide etter IPS-metodikken, følgje deltakarane tett og bruke mykje tid på rekruttering og inkludering i det ordinære arbeidslivet eller utdanning. Du må ha fagleg engasjement, pågangsmot, gode kommunikasjonsevner og vere ein nettverksbyggjar. Samhandling med fleire tenester er ein viktig del av arbeidskvardagen.
Jobbspesialisten i IPS Ung-teamet skal arbeide med ungdom under 30 år som har rus- og psykiske helseutfordringar. Du vil vere knytt til eit oppfølgingsteam som du er ein del av.

  • Rettleie og kartleggje ungdomane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner, og bidra til å matche dei med eigna skular eller arbeidsgjevarar
  • Bistå ungdomane med å skaffe og halde på utdanning eller arbeid
  • Etablere kontakt med arbeidsgjevarar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning (mål om lag 60 prosent av arbeidstida ute hos arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar)
  • Ha ansvar for eiga portefølje, dokumentasjon og rapportering i Nav sine fagsystem
  • Bidra til måloppnåing og gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning

Endringar i arbeidsoppgåvene kan førekome.

Du må ha:

  • Utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
  • Erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS eller SE (Supported Employment).
  • Relevant erfaring for den stillinga du søkjer på.

Det er ønskjeleg at du har:

  • Erfaring med å arbeide med motivasjon og rettleiing av ungdom.
  • Erfaring frå rettleiingsarbeid med unge menneske i utsette livssituasjonar.
  • Erfaring med oppsøkjande nettverksbygging.

Vi ser etter deg som har tru på at menneske, trass i psykiske lidingar, rusutfordringar eller språklege utfordringar, kan få og halde på ordinært arbeid. Du møter menneske med respekt og positive forventningar, og har evne til å sjå moglegheiter framfor avgrensingar.

Vi trur at ulike erfaringar, bakgrunnar og styrkar kan bidra til å lukkast som jobbspesialist. Samstundes ser vi at nokre eigenskapar er særleg viktige for å trivast og lykkast i denne rolla:

  • du trivst med oppsøkjande arbeid og med å skape kontakt med nye menneske
  • du er løysingsorientert og ser moglegheiter
  • du arbeider sjølvstendig og målretta, med fokus på kvalitet og resultat
  • du toler uforutsigbarheit og evnar å setje grenser for deg sjølv og andre.

Det er særleg viktig at du er initiativrik og har gode samarbeidsevner. Dette vil bli lagt vekt på i vurderinga av søkjarane.

Adresse: Kleppestø senter, 5300 Kleppestø, Norge
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Jobbspesialist IPS
Jobbspesialist IPS

Askøy kommune • Askøy

On-site
NOK 620,000 - 740,000
IPS Jobbspesialist
IPS Jobbspesialist

Nordland, Nav • Leknes

On-site
NOK 639,000 - 680,000
IPS JOBBSPESIALIST
IPS JOBBSPESIALIST

Pernille Storødegård • Nord-Aurdal

On-site
NOK 639,000 - 675,000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Fleksibel arbeidstid
Lønn som rådgiver i kode 1434
Jobbspesialist IPS
Jobbspesialist IPS

Nav Askøy, Askøy kommune • Kleppestø

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø
IPS Ung Jobbspesialist: Veileder mot arbeid og utdanning
IPS Ung Jobbspesialist: Veileder mot arbeid og utdanning

Askøy kommune • Kjerrgarden

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Jobbspesialist IPS Ung – Skap arbeidsmuligheter for ungdom
Jobbspesialist IPS Ung – Skap arbeidsmuligheter for ungdom

Nav Askøy, Askøy kommune • Kleppestø

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Godt arbeidsmiljø
Seniorrådgiver
Seniorrådgiver

Nav • Moss, Lillestrøm

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Pensjonsordning i SPK
IPS Jobbspesialist: Veiviser til arbeid og utdanning
IPS Jobbspesialist: Veiviser til arbeid og utdanning

Pernille Storødegård • Nord-Aurdal

On-site
NOK 639,000 - 675,000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Fleksibel arbeidstid
Lønn som rådgiver i kode 1434
Seniorrådgiver
Seniorrådgiver

Arbeid og helse, Nav Øst-Viken • Lillestrøm

Hybrid
NOK 720,000 - 790,000
Hjemmekontor etter avtale
Pensjonsordning gjennom Statens pensj
Spennende arbeidsoppgaver
Jobbspesialist
Jobbspesialist

Østensjø, Nav • Oslo fylke

On-site
NOK 620,000 - 680,000
Fleksibel arbeidstid
Sommertid
Pensjonsordning gjennom Statens penskj
+1