Informasjonssikkerheitsleiar

Universitetet i Bergen

Bergen

On-site

NOK 850,000 - 1,050,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Statens pensjonskasse
Delvis heimekontor
Gode velferdsordningar

Job summary

Universitetet i Bergen søkjer ei informasjons­sikkerheitsleiar (seniorrådgjevar) til å leie gruppa for informasjonssikkerheit og personvern og vere ein ambassadør for tryggleik i heile organisasjonen.

Du vil vidareutvikle arbeidet med IKT-sikkerheit, følgje opp etterleving av lovar og standardar som NSM og ISO 27001, og utarbeide rutinar og planar. Vi tilbyr eit godt fagmiljø og moglegheiter for delvis heimekontor, samt lønsramme i statleg regulativ mellom 850 000 og 1 050 000 kroner per år.

Qualifications

  • Søkjar må ha mastergrad innan relevant fagområde.
  • Relevant erfaring frå leiing eller koordinering av faglege team.
  • Kompetanse innanfor informasjonsteknologi og personvern.
  • Kjennskap til lovverk innan informasjonssikkerheit.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Søkjar må kunne sikre på nivå Hemmeleg.

Responsibilities

  • Leie arbeidet med informasjonssikkerheit inkludert IT-sikkerheit ved UiB og vere IT direktørens rådgivar.
  • Leie gruppa for informasjonssikkerheit og personvern.
  • Følgje opp informasjonssikkerheit både innan etterleving av relevante lovar, reglar og retningslinjer, beskyttelse av våre system, infrastruktur og data, deteksjon av hendingar og oppfølging av desse, samt beredskaps- og informasjonsarbeid.
  • Se til at UiBs arbeid med informasjonssikkerheit er i samsvar med «beste praksis», under dette etterleving av NSMs «Grunnprinsipper for IKT-sikkerhet» og ISO 27001.
  • Utarbeide rutinar, reglement og planar og utføre generell sakshandsaming innanfor sikkerheitsområdet.
  • Skapa gode haldningar og syta for kompetanseutvikling innanfor IT-sikkerheit ved avdelinga og det resterande UiB

Skills

Ledelse erfaring
Informasjonssikkerhet
Personvern
Norsk og engelsk

Education

Mastergrad

Job description

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Informasjonssikkerheitsleiar (seniorrådgjevar)
Vær med å sikre framtidas IT-tenester ved Universitetet i Bergen

Med auka behov for sikre digitale løysingar søkjer UiB ny Informasjonssikkerheitsleiar. Vi ser etter ein person som kan leie gruppa for informasjonssikkerheit og personvern, vere ein ambassadør for informasjonssikkerheit i organisasjonen og bidra til å styrke vår kompetanse på området. UiB har dei siste fire åra gjennomført ei betydeleg styrking av arbeidet med informasjonssikkerheit. Som informasjonssikkerheitsleiar vil du få ei sentral rolle i å videreføre og videreutvikle dette arbeidet i takt med endra trusselbilete og aukande krav til digital tryggleik.

Om IT-avdelinga

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 135 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling. UiB har sentralisert drift og teknisk forvaltning av IT-tenestene i tett samhandling med heile UiBs organisasjon. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4000 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her .


Arbeidsoppgåver:
  • Leie arbeidet med informasjonssikkerheit inkludert IT-sikkerheit ved UiB og være IT direktørens rådgivar
  • Leie gruppa for informasjonssikkerheit og personvern. Gruppa består av 8 tilsette inkludert leiar
  • Følgje opp informasjonssikkerheit både innan etterleving av relevante lovar, reglar og retningslinjer, beskyttelse av våre system, infrastruktur og data, deteksjon av hendingar og oppfølging av desse, samt beredskaps- og informasjonsarbeid
  • Se til at UiBs arbeid med informasjonssikkerheit er i samsvar med «beste praksis», under dette etterleving av NSMs «Grunnprinsipper for IKT-sikkerhet» og ISO 27001
  • Utarbeide rutinar, reglement og planar og utføre generell sakshandsaming innanfor sikkerheitsområdet
  • Skapa gode haldningar og syta for kompetanseutvikling innanfor IT-sikkerheit ved avdelinga og det resterande UiB

Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha mastergrad innan relevant fagområde. Lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for kravet om utdanning
  • Relevant erfaring frå leiing eller erfaring frå koordinering av faglege team
  • Kompetanse innanfor informasjonsteknologi og personvern, samt brei kjennskap og forståing til heile fagområdet
  • Kjennskap til lovverk og forskrifter innan informasjonssikkerheit
  • God skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring med å handsame hendingar innan IT-sikkerheit og å delta i beredskapsarbeid vil vere ein fordel
  • Erfaring frå eller god forståing av universitets og høgskulesektoren vil vere ein fordel
  • Den som blir tilsett må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELIG (sjå nsm.no )

Vi søkjer ein person som er:

  • Serviceinnstilt og opptatt av å finne løysingar
  • Påliteleg og har integritet med tanke på å handtere fortruleg informasjon
  • Sjølvstendig, strukturert og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Nysgjerrig og med evne til å tilegne seg nødvendig kompetanse
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap

Vi kan tilby:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 850 000 - 1 050 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen ( jan.johnsen@uib.no , tlf: 91715378), eller IT-direktør Tore Burheim ( tore.burheim@uib.no , tlf: 915 83 860).

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .


Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Informasjonssikkerheitsleiar
Informasjonssikkerheitsleiar

sjef for IKT-sikkerhet • Bergen

Hybrid
NOK 850,000 - 1,050,000
Statens pensjonskasse
Delvis heimekontor
Gode velferdsordningar
Sikkerheitsrådgjevar (IT)
Sikkerheitsrådgjevar (IT)

IT-operatør • Bergen

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Delvis heimekontor
Seksjonssjef – studiekvalitet
Seksjonssjef – studiekvalitet

Avdelingsleder • Bergen

On-site
NOK 905,000 - 1,150,000
Fleksibel arbeidstid
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordninger
Sikkerheitsrådgjevar (IT)
Sikkerheitsrådgjevar (IT)

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Delvis heimekontor
Vidareutvikling
Samarbeid med UiB IT-avdelinga
Overingeniør (50%) i digitale og elektroniske medium (vikariat)
Overingeniør (50%) i digitale og elektroniske medium (vikariat)

HR/KMD • Bergen

On-site
NOK 642,000 - 650,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Seniorkonsulent/Rådgjevar/Seniorrådgjevar - Offentlege anskaffingar/kontraktar
Seniorkonsulent/Rådgjevar/Seniorrådgjevar - Offentlege anskaffingar/kontraktar

Høyere saksbehandlere i offentlig og privat virksomhet • Bergen

On-site
NOK 640,000 - 870,000
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåvo
Kompleks stilling i sterkt fagmiljø
Opplæring
+5
Seniorkonsulent (vikariat)
Seniorkonsulent (vikariat)

personalkonsulent • Bergen

On-site
NOK 615,000 - 645,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor innen global helse
Postdoktor innen global helse

Postdoktor • Bergen

On-site
NOK 690,000 - 725,000
Lønna: kr 690 000 (kode 1352) i staten
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Førsteamanuensis i helsevitenskap
Førsteamanuensis i helsevitenskap

Førsteamanuensis i sykepleie • Bergen

On-site
NOK 800,000 - 850,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Vitskapeleg assistent
Vitskapeleg assistent

Twoja Norwegia • Bergen

Hybrid
NOK 473,000 - 578,000
Top locations