Øygarden kommune søkjer ein rådgjevar som skal styrkje kapasiteten og kompetansen vår innan forvalting av Microsoft 365 og bruk av kunstig intelligens.
Microsoft 365 er ein sentral plattform for kommunikasjon, samhandling og informasjonsdeling i kommunen. Vi ønskjer å forvalte plattforma meir heilskapleg, utnytte funksjonaliteten betre og gje tilsette og leiarar god støtte i bruken av verktøya. Samtidig skal kommunen ta i bruk kunstig intelligens på ein kontrollert og ansvarleg måte, mellom anna gjennom Microsoft Copilot og andre aktuelle KI-verktøy.
Stillinga passer for deg som har god forståing for Microsoft 365, likar å arbeide praktisk med teknologi og gjere funksjonalitet og moglegheiter forståeleg for andre. Du må kunne veksle mellom forvaltningsoppgåver, rådgjeving, testing, dokumentasjon og opplæring.
Du vert ein del av IKT og dokumentsenter og skal samarbeide med tekniske ressursar, informasjonstryggleik, personvern, dokumentforvalting og fagmiljø i kommunen.
Dette er ein nyoppretta stilling med høve til å påverke både innhald og retning. Det er identifisert eit stort behov, og målet er ikkje at påfølgjande liste skal virke avskrekkande, heller motiverande. Prioritering og innhald er det eit ynskje at kandidaten skal vere med å påverke:
Vil du hjelpe oss med å forvalte Microsoft 365 og ta kunstig intelligens i praktisk bruk?
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan IT eller relevante fagområde.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning - God kjennskap til fleire av tenestene Teams, SharePoint, OneDrive, Planner eller Power Platform
- Evne til å utarbeide tydeleg dokumentasjon, brukarrettleiingar og opplæringsmateriell
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Arbeidsoppgåver
- Delta i den løypande forvaltning og vidareutvikling av Microsoft 365-plattforma
- Bidra til tydelege prinsipp, rutinar og dokumentasjon for bruk og forvalting av Microsoft 365
- Gi råd om oppsett og bruk av Teams, SharePoint, OneDrive og andre tenester i Microsoft 365
- Bidra til god struktur, tilgangsstyring, eigarskap og livsløpshandtering for team, område, grupper og innhald
- Teste og vurdere ny funksjonalitet i Microsoft 365 før ho vert teken i bruk i organisasjonen
- Følgje opp behov, feil, endringar og forbetringsforslag knytt til Microsoft 365
- Utarbeide brukarrettleiingar, rutinar og anna støttemateriell
- Planleggje og gjennomføre opplæring og rettleiing for tilsette, leiarar og superbrukarar
- Bidra til utprøving, innføring og forvalting av Microsoft 365 Copilot og andre aktuelle KI-verktøy
- Identifisere konkrete arbeidsoppgåver der KI kan redusere manuelt arbeide, støtte saksførebuing eller gjere informasjon lettare tilgjengeleg
- Utvikle og teste praktiske bruksområde, instruksjonar og arbeidsmåtar for KI
- Gje råd om kva opplysningar som kan nyttast i ulike KI-verktøy, og kva avgrensingar som må gjelde
- Bidra i vurderingar av informasjonssikkerhet, personvern og dokumentasjonskrav ved innføring og bruk av KI
- Delta i ROS- og DPIA-arbeid når nye løysingar eller bruksområde krev det
- Følgje utviklinga i Microsoft 365 og relevante KI-plattforma og vurdere kva endringar kommunen bør ta i bruk
Oppgåvene vil verte prioriterte ut frå kommunen sine behov. Stillinga skal ikkje åleine ha ansvar for alle områda som er nemnd, men skal samarbeide med andre fagressursar i kommunen.
Må-krav
- Relevant høgare utdanning innan IT eller relevante fagområde.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning - Erfaring med praktisk bruk, forvalting, konfigurasjon eller innføring av tenester i Microsoft 365
- God kjennskap til fleire av tenestene Teams, SharePoint, OneDrive, Planner eller Power Platform
- Evne til å utarbeide tydeleg dokumentasjon, brukarrettleiingar og opplæringsmateriell
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har erfaring med eit eller flere av desse områda
- Administrasjon og forvalting av Microsoft 365 i ein større organisasjon
- Styring av tilgangar, grupper, eigarskap, deling og livsløp i Microsoft 365
- Microsoft 365 Copilot, Copilot Studio eller andre KI-verktøy
- Utprøving eller innføring av kunstig intelligens i ein organisasjon
- Utarbeiding og gjennomføring av kurs, workshopar eller brukaropplæring
- Informasjonssikkerhet, personvern, ROS-vurderingar eller DPIA
- Offentleg for