Senior Systemkonsulent – M365 og brukarsikkerheit

Øyvind Daae Johansen

Hermansverk

On-site

NOK 800,000 - 1,100,000

Full time

14 days+
Application generator

An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid og heimekontor
Løn etter avtale

Job summary

Vestland fylkeskommune søker ein tilsett i IKT systemdrift som blir ein viktig fagressurs innan Microsoft 365 og brukarsikkerheit. Du vil arbeide operativt og strategisk og få stor moglegheit til å påverke korleis tenestene utviklar seg.

Du vert mellom anna ansvarleg for å implementere, drifte og sikra tenester i Microsoft 365- og Entra-miljø, handtere phishing-øvingar og vidareutvikle sikre løysingar i samsvar med DevOps-prinsipp.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet; relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Gode kjennskap til Microsoft 365-sikkerheit og brukarsikring
  • Erfaring med drift og forvaltning av skyløysingar i større organisasjonar
  • Kunnskap om trusselbiletet, phishing og sikkerheitshendingar
  • Kunnskap om Infrastructure as Code (IaC) og moderne DevOps-prinsipp

Responsibilities

  • Implementere og drifte tenester i Microsoft 365- og Entra-miljøet
  • Arbeide med Defender, Conditional Access og MFA
  • Bidra i håndtering av sikkerheitshendingar og trusselbiletet
  • Utvikle førebyggjande sikkerheitstiltak og automasjon
  • Administrere SharePoint og tilhøyrande tenester
  • Samarbeide tett med operativt sikkerheitsteam og andre fagmiljø
  • 2-linje support ved behov

Skills

Microsoft 365
Entra
Defender
SharePoint
IaC
CI/CD
DevOps
Phishing

Education

Høgskule/universitet

Tools

Microsoft Defender
SharePoint-administrasjon

Job description

Arbeidsoppgåver

Som tilsett i IKT systemdrift blir du ein viktig fagressurs innan Microsoft 365 og brukarsikkerhet. Du vil arbeide både operativt og strategisk, og få stor moglegheit til å påverke korleis vi utviklar tenestene våre.

Du vil mellom anna:

  • implementere, drifte, forvalte og sikre tenester og applikasjonar i Microsoft 365- og Entra-miljøet
  • arbeide med Microsoft Defender, Conditional Access og MFA
  • bidra i handtering og oppfølging av sikkerheitshendingar og trusselbiletet
  • utvikle førebyggjande sikkerheitstiltak og automasjon som gjer oss meir robuste
  • handtere e-posttruslar og gjennomføre phishing-øvingar for tilsette
  • administrere og vidareutvikle SharePoint og tilhøyrande tenester
  • drifte og forvalte fagsystem i samarbeid med systemeigarar og andre fagmiljø
  • bidra med teknisk kompetanse ved anskaffing av nye skybaserte system og tenester
  • samarbeide tett med operativt sikkerheitsteam og andre fagmiljø på tvers av seksjonen
  • 2-linje support ved behov

Du får dermed ein variert arbeidskvardag der du kan gå frå førebyggjande sikkerheitsarbeid og teknisk utvikling til å handtere konkrete sikkerhetshendingar når dei oppstår. Du vil også få ei viktig rolle i vidareutviklinga av M365-plattforma og i arbeidet med å finne gode, sikre og framtidsretta løysingar for organisasjonen.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har solid erfaring og kan vere ein trygg fagperson i eit stort og komplekst driftsmiljø.

Du har:

  • relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning

Du har gjerne:

  • solid erfaring med Microsoft 365, Entra og Defender
  • erfaring med drift og forvaltning av skyløysingar i større organisasjonar
  • erfaring med brukarsikkerheit og handtering av phishing og andre sikkerhetstruslar
  • erfaring med SharePoint-administrasjon
  • kjennskap til Infrastructure as Code (IaC), versjonskontroll, CI/CD-pipelines og moderne DevOps-prinsipp
  • relevante Microsoft-sertifiseringar er ein fordel

Vi forventar ikkje nødvendigvis at du kan alt. Det viktigaste er at du har solid kompetanse innan Microsoft 365 og sikkerhet, og at du er nysgjerrig på ny teknologi og ønskjer å utvikle deg vidare.

Personlege eigenskapar

Vi er på jakt etter deg som:

  • er sjølvstendig og strukturert, og som tek ansvar for å få oppgåvene heilt i mål
  • har sterk fagleg integritet og eit gjennomgåande fokus på sikkerheit
  • er proaktiv og løysingsorientert – du ser moglegheiter og tek initiativ
  • trivst med å samarbeide og dele kompetanse med andre
  • kommuniserer godt med både teknikarar, fagpersonar og systemeigarar
  • held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong
  • har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi har eit stort driftsmiljø med mange brukarar, og det krev både fagleg tryggleik, sjølvstende og struktur. Samtidig er du aldri åleine.

Du vil arbeide tett med dyktige kollegaer innan drift, sikkerheit og andre fagområde, og vi ønskjer ein kultur der det er låg terskel for å spørje, dele og utfordre kvarandre.
Vi tek arbeidet vårt på alvor, men ikkje oss sjølve for høgtideleg. For oss er humor, godt humør og det å ha det kjekt på jobb ein viktig del av kvardagen.

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • eit sterkt og inkluderande fagmiljø med flinke kollegaer
  • ei sentral rolle i sikringa av digitale tenester for over 32 000 brukarar
  • varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • stor moglegheit til å påverke utviklinga av M365- og sikkerheitsplattforma vår
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid og heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
  • arbeidsstad i Leikanger eller Bergen

Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal utvikle seg i jobben. Derfor legg vi til rette for intern opplæring, kurs, seminar og kunnskapsdeling på tvers av fagmiljøa.
Seksjonen har høg trivsel, og vi legg vekt på at vi skal ha det godt saman også utanfor dei daglege arbeidsoppgåvene. Vi har mellom anna ein eigen Teams-kanal der medarbeidarane kan ta initiativ til sosiale aktivitetar som padeltennis, fjellturar, dart og spelekveldar.

Vi møtest også til årlege samlingar for heile seksjonen, i tillegg til eigne samlingar i faggruppene.

Kontaktinformasjon
Øyvind Daae Johansen,leiar,91730197
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008Bergen
Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5172523053
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Beredskapsmedarbeidar
Beredskapsmedarbeidar

Arbeidsplassen • Leikanger

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksibel arbeidstid
Heimekontor
Offentlege pensjons- og forsikringsord
Senior Consultant - Microsoft Security and Manageability
Senior Consultant - Microsoft Security and Manageability

SoftwareOne • Oslo

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Naprapat på huset
SATS rabatt
Fleksible arbeidstider
+1
Vil du profesjonalisere og forenkle det digitale sikkerhetsarbeidet i en virksomhet med stort samfunnsansvar?
Vil du profesjonalisere og forenkle det digitale sikkerhetsarbeidet i en virksomhet med stort samfunnsansvar?

Nav • Oslo

On-site
NOK 650,000 - 1,025,000
Fleksitid/avspasering
Kontor/hjemmekontor
Pensjonsordning
+2
Ansvarlig governance- og tjenestestyring for automatisering og plattformtjenester
Ansvarlig governance- og tjenestestyring for automatisering og plattformtjenester

Statnett sf • Oslo

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Kurs og faglige nettverk
Bedriftsidrettslag og firmahytter
IT Rådgiver
IT Rådgiver

Thommy Andre Mikalsen • Mo i Rana

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Personlig og faglig utvikling
KLP-ordninger og boliglån
Mobiltelefon, PC og hjemmekontor
+3
Senior Microsoft Security Consultant
Senior Microsoft Security Consultant

SoftwareOne • Oslo

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Naprapat på huset
Rabatter på SATS
Rabatter på Ruter
+8
Ansvarlig governance- og tjenestestyring for automatisering og plattformtjenester
Ansvarlig governance- og tjenestestyring for automatisering og plattformtjenester

Robert Larsen • Oslo

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Fleksibel arbeidshverdag
Pensjons- og forsikringsordninger
Kurs og faglige nettverk
+1
Senior Consultant - Microsoft Security and Manageability
Senior Consultant - Microsoft Security and Manageability

SoftwareONE Deutschland GmbH • Oslo

On-site
NOK 850,000 - 1,100,000
Sertifiseringer og kurs
Gode rabatter på trening
Fleksible arbeidstider
+1
Beredskapsmedarbeidar
Beredskapsmedarbeidar

Svein Helge Steinsaker • Hermansverk

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Fleksibel arbeidstid
Heimekontor etter avtale
Offentlege pensjonsordningar
+1
Vi søker deg som er dyktig på leverandøroppfølging, med fokus på IT-sikkerhet
Vi søker deg som er dyktig på leverandøroppfølging, med fokus på IT-sikkerhet

Malin Strand Nilsen • Oslo

On-site
NOK 670,000 - 950,000
Fleksitid/avspasering
Sommertid
Kontor og hjemmekontor
+2