Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Stord kommune søkjer etter ein engasjert jordmor i eit 60% vikariat i perioden 01.12.26–30.11.27 for å gi tenester til gravide og barselkvinner og deira familiar ved helsestasjonen.
Du må ha godkjent jordmorutdanning, høy arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner og interessa for utviklingsarbeid i tenesta. Førarkort kl. B vert rekna som eit pluss.
Førebyggande tenester, avdeling for førebyggande helse har ansvar for svangerskapsomsorga, helsestasjon, skulehelseteneste, smittevern og helsestasjon for ungdom.
Me søkjer etter ein engasjert fagperson som vil vera med på å gi gode tenester til gravide og barselkvinner og deira familiar.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Spørsmål om stillingane kan rettast til leiande helsesjukepleiar Jorunn Hystad 94794288
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.