An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Helse Bergen HF i Voss leitar etter ein tilsett jordmor for ei 100% stilling ved Føde- og barselavdelinga. Jobben inneber jordmorfagleg ansvar for gravide og fødande, samt rettleiing av studentar. Søkarar må ha norsk autorisasjon og god norsk kommunikasjon.
Avdelinga har fokus på tryggleik og ro i fødselarreglementet, og det er mogleg å tilby langvakter og pendlarturnus. Rotasjonsstilling til kvinneklinikken i Bergen kan vere aktuelt.
Yn skjer du jobb som jordmorpå vakre Voss
Vi har ledig ein 100% stilling og kan tilby langvakter og/eller pendlarvennleg turnus for dei som ynskjer det. For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon som jordmor. Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Om avdelinga
Føde- og barselavdelinga har 6 barselsenger fordelt på 6 rom. Fødselstalet ligg rundt 400 pr. år. Vi legg vekt på tryggleik, nærleik og ro i fødselsforløpet, slik at fødselen kan gå føre seg så naturleg som mogleg. Smertelindring gjev vi etter ynskje og behov. Vi har akuttberedskap med tilgjengelig gynekolog og operasjonsteam gjennom heile døgnet. Våre fødande er tilvist oss etter seleksjonskriterier vi har i samarbeid med Kvinneklinikken i Bergen.
Om Voss
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover tilBergen/ Flesland og austover til Oslo