Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Jordmor ved Volda sjukehus i Helse Møre og Romsdal søkjer etter ein dyktig kollega til eit 100% vikariat med ultralydkompetanse. Om lag 30% av stillinga går til ordinært arbeid ved avdelinga, og stillinga gir ei spanande og allsidig rolle i UL-poliklinikken.
Du vil utføre sjølvstendige UL-undersøkingar, samarbeide med legar ved behov og bidra til kontinuitet i oppfølging av kvinner gjennom svangerskap, fødsel og barsel.
Vi har ledig 100 % vikariat som jordmor med ultralydkompetanse, med moglegheit for fast tilsetjing. 30 % av stillinga er tiltenkt ordinært arbeid som jordmor i avdelinga. Dette er ei spennande og allsidig stilling.
Jordmor vil i houvdsak utføre sjølvstendige ultralydundersøkingar med 1. trimester-UL, rutine-UL i 2. trimester og seinare kontrollar av vekst, placenta, doppler etc. Vi har legar med ultralydkomptentanse, som ein vil samarbeide med ved behov. Legar utfører også nokon av dei rutinemessige ultralydane. UL-poliklinikken er lokalisert inne på fødeavdelinga.
Avdelinga vår gir tilbod til gravide, fødande, barselkvinner og gynekologiske pasientar i vårt distrikt.
Dersom søker har behov for særskilt tilrettelegging mtp. bustad, reise og arbeidstider ønsker vi å gå i dialog vedrørande dette. Vi er også opne for redusert stillingsbrøk ifht utlysinga.
Å vere personleg eigna vert vaktlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet fra Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her .
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal