Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Fitjar kommune søker ein arbeidsam og positiv medarbeidar som ønsker å bidra til trivsel og eit godt arbeidsmiljø gjennom drift og vedlikehald av kommunale uteområde.
Arbeidsoppgåver inkluderer plenklipping, beskjesring og stell av grøntareal, samt tilsyn med leikeplassar og dagleg ettersyn av maskiner. Stillinga er under tekniske tenester, og det krev sertifikat og sjølvstendig arbeid.
Fitjar Kommune, etat for samfunnsutvikling og drift, drifsavdelinga
Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for drift og vedlikehald av den kommunale eigedomsmassen. Me søkjer ein arbeidsam og positiv medarbeidar som ønskjer å bidra til trivsel og eit godt arbeidsmiljø gjennom arbeid med kommunale uteanlegg og grøntområde.
Fitjar kommune har eit variert landskap med parkar, vegar, leikeplassar, uteområde ved kommunale bygg og flere viktige møteplassar. No treng me ein ny kollega som trivst med arbeid utandørs og som bryr seg om kvaliteten på dei offentlege areala våre.
Stillinga er organisert under eining for tekniske tenester.
Drift, vedlikehald og generell oppfylging av dei kommunale uteområda, inkludert park, veg, kai og uteområde til bygg, mellom anna:
Som tilsett i den kommunale eigedomsdrifta må du rekna med å bidra til andre driftsoppgåver ved behov, mellom anna knytt til dei kommunale bygga. Du vil også inngå i teknisk vaktordning.
Vaktordninga er fordelt mellom tilsette innan eigedomsdrift og vatn og avlaup, og inneber roterande vekesvakt, inkludert helg, knytt til kommunale bygg og vassverk.
Dersom søkjaren ynskjer å verta unnateken frå den offentlege søkjarlista, må dette spesifiserast og grunngjevast i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verta ført opp på søkjarlista. Deling av søkjarlista med medsøkjarar er ikkje å rekna som offentleggjering. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med einingsleiar for tekniske tenester Magne Træet, tlf 91 81 94 87.
Fitjar kommune er ein attraktiv bukommune midt i Sunnhordland, med om lag 3 200 innbyggjarar. Kommunen er kjend for nærleik til naturen, eit aktivt lokalsamfunn og gode tenester. Me er ein framoverlent kommune med tilsette som kvar dag arbeider for å skapa gode tenester og eit berekraftig lokalsamfunn for innbyggjarane våre.