A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, søker helsesekretær til Avdeling for Gastrokirurgi. Stillingen innebærer rotasjon mellom poliklinikk, sengepost og inntakskontor, med grundig opplæring i områda du skal arbeide med.
Du må ha gode IKT-kunnskapar, og erfaring frå helsesektor er ein fordel. Lønn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar.
Oppstart i stillingane vil være frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø.Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved:
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Vi søker nå ein engasjert og løysingsorientert helsesekretær som vil bidra til trygg, effektiv og profesjonell pasientbehandling.
Avdeling for Gastrokirurgi er ein del av Kirurgisk klinikk og har tre sengepostar, med 60 senger. Vi behandlar om lag 4500 inneliggande pasientar, har 1200 dagbehandlingar og rundt 20 000 polikliniske konsultasjonar.
Som helsesekretær hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, med rotasjon mellom poliklinikk, sengepost og inntakskontor. Du får grundig opplæring innnfor dei områda du skal jobbe med.
I dag har avdelinga av 10 dyktige sekretærar fordelt på poliklinikk, sengepost og inntakskontor. No ønsker vi å styrke teamet med ein medarbeidar som:
Hos oss får du ein arbeidsplass med stor fagleg breidde, gode kollegaer og moglegheit til å bidra i ei avdeling i utvikling.
Vi håper du har lyst å bli ein del av vårt team!
Vioppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Hardu utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgareutdanning og kompetanse
Klikk for å leggje til kart
for den oppgitte avdelinga
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900 000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.