A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk serviceklinikk (KSK), søker operasjonssjukepleiarar til å arbeide i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking.
Du vil vere med i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset og få ei utfordrande jobb i kirurgisk seksjon og hovud-hals-seksjonen. Søknad vert oppmoda gjennom annonsa og kontaktinformasjon finnes i annonsa.
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) søker operasjonssjukepleiarar. Hos oss får du anledning til å jobbe i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking.
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd og smertebehandling. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet.
KSK er delt i sju avdelingar, ei av avdelingane er Operasjonsavdeling (OPA) med 6seksjonar; Kirurgi, Dagkirurgi; Hovud-hals; Operasjon Glasblokkene, Ortopedi, Thorakskirurgi.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi gleder oss til å høyre frå deg!
er ein av tre opererande einingar i sentraloperasjon (SOP), og vi i utfører elektiv og øyeblikkelig hjelp kirurgi innenfor fagfelta: gastro, endokrin, kar, urologi, plastikk og brannskadekirurgi. Kirurgisk seksjon er er ein stor og spennande seksjon med mange ulike fagfelt og dyktige medarbeidarar.
Ønsker du spennande arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så har vi no ledig stilling som operasjonssjukepleiar. Vi har mange ulike fagfelt, som vil gi deg moglegheit for kontinuerleg fagleg utvikling. Som operasjonssjukepleiar inngår du og i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset.
Kontakt: Hege Nybøe Moeberg, Tlf: 55970621.
er ein av tre seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus. Hovud/hals-seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH/kjeve kirurgi. Det er 45,5 årsverk for spesialsjukepleiarar til seksjonen, herunder 25 årsverk som operasjonssjukepleiar. Desse bemannar saman med anestesisjukepleiarar og anestesilegar, 5-6 operasjonsstover på dagtid, og ØH-stove på kveld, natt og helg. Både operasjonssjuepleiar og anestesisjukepleiar hos oss inngår i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset. Vi har ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar i tredelt turnus (35,5t/u).
Kontakt: Lisbeth Viken Aasarmoen, Tlf.55970651.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Klikk for å leggje til kart
oppgitt for den enkelte avdelinga
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.