Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Elisabeth AS i Voss søkjer ein engasjert helsesekretær eller medisinsk sekretær til eit 80% vikariat ved legekontoret. Du løyser daglege utfordringar i resepsjon, timebestilling og journalføring, og støttar laboratorieprosessar og behandlingar saman med medisinsk team.
Stillinga har god opplæring, varierte arbeidsoppgåver og gode arbeidsvilkår. Oppstart er 1. april 2027, med søknadsfrist 7. desember 2026. Søk straks via kontaktinformasjon i annonsen.
Er du ein person som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å møte menneske og held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong? Då kan du vera akkurat den me leitar etter!
Hjå Bygdelegane på Voss møter du ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Me er eit samansveisa team med fem legar, to sekretærar og to sjukepleiarar som jobbar tett saman for å gje pasientane våre best mogleg helsehjelp.
Som sekretær hjå oss får du ei viktig og allsidig rolle i den daglege drifta av legekontoret. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Me ser etter deg som er fagleg engasjert, serviceinnstilt og glad i menneske. Du trivst med ansvar, tek initiativ og likar at arbeidsdagen byr på både små og store utfordringar.
Erfaring frå legekontor er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli vektlagde.
Hjå Bygdelegane får du meir enn berre ein jobb. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø, der me hjelper kvarandre og har det kjekt saman!
Stilling: 80 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast tilsetjing.
Oppstart: 1. april 2027. Det er mogleg med opplæring og ekstravakter før oppstart dersom det er ønskjeleg.
Søknadsfrist: 7. desember 2026.
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med Elisabeth på telefon 56 53 03 70 eller e-post elhjornevik@gmail.com.
Då håpar me du tek kontakt!
Helsing alle oss hjå Bygdelegane på Voss