Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bygdelegane på Voss søker ein engasjert helsesekretær eller medisinsk sekretær til eit 80 % vikariat ved legekontoret. Du vil ha ei allsidig rolle som inkluderer resepsjon, timebestilling, og administrative oppgåver i eit tett samarbeid med legar og sjukepleiarar.
Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, strukturert og trygg i travle situasjonar. Oppstart 1. april 2027, med moglegheit for fast tilsetjing og god opplæring. Søknadsfrist 7. desember 2026.
Er du vår nye kollega?
Bygdelegane på Voss søkjer ein engasjert helsesekretær, medisinsk sekretær eller deg med annan relevant helsefagleg bakgrunn!
Er du ein person som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å møte menneske og held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong? Då kan du vera akkurat den me leitar etter!
Hjå Bygdelegane på Voss møter du ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Me er eit samansveisa team med fem legar, to sekretærar og to sjukepleiarar som jobbar tett saman for å gje pasientane våre best mogleg helsehjelp.
Som sekretær hjå oss får du ei viktig og allsidig rolle i den daglege drifta av legekontoret. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Me ser etter deg som er fagleg engasjert, serviceinnstilt og glad i menneske. Du trivst med ansvar, tek initiativ og likar at arbeidsdagen byr på både små og store utfordringar.
Me ønskjer at du:
Erfaring frå legekontor er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli vektlagde.
Hjå Bygdelegane får du meir enn berre ein jobb. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø, der me hjelper kvarandre og har det kjekt saman!
Me tilbyr:
Stilling: 80 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast tilsetjing.
Oppstart: 1. april 2027. Det er mogleg med opplæring og ekstravakter før oppstart dersom det er ønskjeleg.
Søknadsfrist: 7. desember 2026.
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med Elisabeth på telefon 56 53 03 70 eller e-post elhjornevik@gmail.com.
Helsing alle oss hjå Bygdelegane på Voss