Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Midt-Telemark kommune søker helsefagarbeidar til tverrfagleg team, som kjem til å arbeide i heimetenesta og omsorgsbustader. Du blir ein del av eit målretta arbeid med pasientar og pårørande, med fokus på dokumentasjon og samhandling.
Du må ha autorisasjon, norsk språkferdigheiter på B1-nivå og inneha bilførarkort (B). Arbeidsplassen ligg i Bø, Telemark, med fast heiltidsprosent og gode utviklingsmoghlegheiter.
Ønskjer du ein variert og spennande arbeidskvardag?
Heimetenesta har for tida ledige stillingar som helsefagarbeidar.
I heimetenesta jobbar ein både ute på bygda i private bustader og inne i omsorgsbustader. Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me fleire team som arbeider målretta med prinsippet «kva er viktig for deg» innan ulike fagområde som demens, sårbehandling, kreftomsorg, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet gir tett oppfølging til pasientar som i periodar treng ekstra støtte for å meistre kvardagen på eiga hand. Sjølv om me er delt inn i soner, er me éi samla avdeling som samarbeider tett.
I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan me skryte av høg takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen. Me kastar oss ut i alle prosjekt som kan bidra til å gjere oss til den beste heimetenesta – både for tilsette og pasientar. Avdelinga har årsturnus, og du får høve til å påverke eigen arbeidsplan i stor grad.
Krav til kvalifikasjonar
Ønska kompetanse
Særskilde krav
Personlege eigenskapar vektlegast.
Elisabeth Josefsen-Reisjå,Avdelingsleiar,+47 99358302
Gamleveg 46 3802Bø i Telemark
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5196946104
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026