Enable job alerts via email!
En norsk kommune søker helsefagarbeidar til 100% stilling i turnus med muligheter for fleksibilitet. Du vil jobbe med beboere og delta i tverrfaglig samarbeid. Stillingens krav inkluderer autorisasjon og evne til ansvar. Gode pensjons- og forsikringsordninger tilbys.
Surnadal sjukeheim har ledig stilling på 100% for helsefagarbeidar.
Om ønskelig kan stillingstorleik reduserast.
Stillinga inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg, alternativt langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.
Om oss:
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØDH (Øyeblikkelig Hjelp Døgnopphald).
Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si i ein bemanningspool for sjukeheimen.
Stillinga vi lyser ut, inneber mulegheiter for variasjon i innhald.
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar og fortrinn:
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det er behov for det. Du er endringsvillig og fokusert på å finne gode løysingar, noko som også inneber at du er fleksibel. Godt humør og gode samarbeidsevner er gode ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.
Vår visjon: 'Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!'