Er du på leit etter ny og innhaldsrik jobb?
Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse-og omsorgstenestelova ; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeids- og aktivitetssenter. Det er tre avdelingar i tilrettelagte tenester . To av desse er heildøgnsbemanna bufellesskap der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.
Eining tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid . Tenestene er personleg , sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.
- Jobbe tett saman med andre miljøterpeutar , fagarbeidarar og assistentar i team.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling av tenestene våre.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring .
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast .
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar : offentleg tenestepensjon .
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring .
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar - gjerne gjennom langvakter tredje kvar.
- Kompensasjon om du er veiledar til lærlingar .
- Gode stipendordningar for studentar innan helsefag
Kvalifikasjonar :
- Ufaglærte kan komma i betraktning dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar i dei nemnde gruppene. Stillingskoden blir då assistent.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg . Skriftspråket i kommunen er på nynorsk
- Søkjar må vera fylt 18 år.
- God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.
Me tenkjer at du:
- Er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet, med bevissthet rundt korleis du sjølve påverkar kollegaene dine sin arbeidskvardag .
- Søkjer kontinuerleg forbetringar for både bebuarar og personell- er løysingsorientert.
- Er framoverlent og leitar etter rette tiltak for å gje gode tenester til bebuarane .
- Har interesse for faget og held deg oppdatert.
- Likar å finne nye måtar å arbeide på.
- Evne til å ta imot og gje rettleiing.
- Evnte til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar :
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.