Enable job alerts via email!
En helsetjeneste i Vestnes søker en helsefagarbeidar for en 80% fast stilling. Stillingen innebærer arbeid hver 3. helg og fokus på helse og velferd for brukerne. Kvalifikasjoner inkluderer autorisasjon, god kommunikasjonsevne og førerkort klasse B. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og et støttende arbeidsmiljø.
Ved heimesjukepleia er det ledig 80% fast stilling for helsefagarbeidar frå snarast. Stillinga har arbeid kvar 3.helg i vanlig turnus.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar:
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag
- datakunnskap
- relevant praksis og erfaring frå heimesjukepleie er ønskeleg
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Heimetenestene ligg i Helsehuset Stella Maris i Vestnes sentrum nær bussknutepunkt. Eininga består av heimesjukepleie, heimehjelp og dagsenter.Tenestene har brei tverrfagleg kompetanse. Personale i heimetenestene er ein arbeidsvillig gjeng med dyktige fagpersonar som har som mål å gi tenester med god kvalitet.