Enable job alerts via email!
En omsorgsleverandør på Voss søker en helsefagarbeidar for å jobbe i avdeling for personer med nedsett funksjonsevne. Stillingen innebærer varierte oppgaver, inkludert praktisk støtte, miljøarbeid, og samarbeid med beboerne for å fremme selvstendighet. Gode vilkår for faglig utvikling og muligheter for å påvirke felleskapet. Kvalifikasjoner som helsefagarbeidar eller relevant erfaring er nødvendige.
Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her!
Me har to ledige årsvikariat i 80 % stilling frå november 2025 og februar 2026, med moglegheit for forlenging.
Me søkjer primært helsefagarbeidar. Fagarbeidar/assistentar med relevant erfaring kan vurderast til stillinga.
Stillingane er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne, for tida i Skulestadtunet og Skulestadvegen. Her er det til saman 14 omsorgsbustadar. Bebuarane er ein aktiv gjeng og fleire av dei deltek på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikk og symjing. Me har òg eit ambulerande team, der me gjev tenester til personar som bur i eigne leilegheiter i nærområde.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4. helg, dag- og seinvakter, langvakter og kvilande nattevakt.
Me har eit fokus på kvardagsmeistring og jobbar for å ivareta bebuarane på best mogleg måte ved å gje tenester med fokus på sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov.
Me søkjer
Me tilbyr
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande