Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Sunnfjord kommune, Bemanningseininga, søkjer deg som er helsefagarbeidar og ønsker å bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Du vil få moglegheit til fagleg utvikling, godt opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Tilsetjing er 100% fast i bemanningseininga med tillegg på kr 20.000,- for å arbeide i eininga, samt kompetansetillegg og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag?
Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er helsefagarbeidar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg.
I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.