Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Sunnfjord kommune sin Bemanningseininga søker helsefagarbeidar til 100 % fast stilling. Arbeidet omfattar dagleg omsorg og miljøarbeid, med fokus på observasjon og tilrettelegging for brukarane. Du vil bidra i eit inkluderande arbeidsmiljø og følgje gjeldande lovverk.
Tillegg på kr 20.000,- og kompetansetillegg for relevant vidareutdanning blir tilbydd, samt gode pensjons- og forsikringsordningar. Søkjar bør ha fagbrev, gode norskkunnskapar og valid politiattest.
Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag?
Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er helsefagarbeidar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg.
I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Velkomen som søkar!