Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Sunnfjord kommune Bemanningseininga i Vestland har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar. Vi søkjer deg som vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg, og som likar eit strukturert og inkluderande arbeidsmiljø.
Du får god opplæring, vidareutvikling og konkurransedyktige tilbod som tillegg på 20 000 kr for å jobbe i bemanningseininga, kompetansetillegg og trygge pensjons- og forsikringsordningar.
Søk elektronisk.
Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag?
Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er helsefagarbeidar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg.
I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Du må søke elektronisk.
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.