Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B søker helsefagarbeidar til ein 80% fast stilling. Arbeidet fokuserer på individtilpassa miljøarbeid og tilsvarande pleie hos bebuarar i demensseksjonen.
Turnusen er todelt med 12,5-timers vakter i heile helger og ei oppfølging av tiltaksplanar. Søknadsfrist og nærmare opplysningar vert gitt ved intervju.
Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for personar med demens? Vi har ledig ei 80 prosents fast stilling som helsefagarbeidar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskilt med individtilpassa miljøarbeid.
Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg med 12,5 timers vakter på helg. Stillinga er ledig frå 04.01.2027.
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Ane Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336
Åsvegen 13
6080 Gurskøy
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5212887910
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2026
Seksjonsleiar
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd før". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !