Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Herøy kommune oppfører seg som ein viktig managed omsorgsleverandør ved Herøy omsorgssenter i Fosnavåg. Dei søker to engasjerte helsefagarbeidarar til langtidsavdelinga for å sikre trygg og meiningsfull kvardag for pasientane. Det vert lagt vekt på fagleg utvikling og godt samarbeid i teamet.
Ledig frå 30. november 2026, med 80% i 3-delt turnus og langvakter, og 90% i 2-delt turnus som arbeid kvar tredje helg. Tilsette vil få eit godt arbeidsmiljø og løn etter tariffavtale.
Vil du vere med og gjere ein forskjell kvar dag?
Ved Herøy omsorgssenter får du bruke kompetansen din til å skape tryggleik, trivsel og gode dagar for pasientane våre. Vi søkjer no to engasjerte helsefagarbeidarar som ønskjer å vere ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på omsorg, samarbeid og kvalitet. Hos oss blir du ein viktig del av teamet på langtidsavdelinga. Saman arbeider vi for at pasientar skal få ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag. Vi legg vekt på fagleg utvikling og godt samarbeid
Vi har følgjande faste stillingar ledige:
Stillingane er for tida i langtidsavdelinga ved Herøy omsorgssenter.
Herøy omsorgssenter er lokalisert på Eggesbønes og består frå 30.11.26 av:
Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar, tidlegare raud og grøn seksjon. Vi skal sikre ei heilskapleg pleie- og omsorgstilbod til pasientane våra, tverrfagleg samarbeid og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane. Samanslåinga er ein del av arbeidet med å videreutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.
Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å videreutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter.Stillingane er ledig fra 30. november 2026.
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4). Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Cecilie Tarberg,Seksjonsleiar,+47 97020582
Sjukeheimsvegen 5A
6092Fosnavåg
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5209645935
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 30.11.2026