A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kvalifiseringssenteret for innvandrarar i Herøy kommune søker vikar som kan koble seg til oppfølging av flyktningar, hovudsakleg ungdom. Du må vere fleksibel og kunne arbeide dag, kveld og helg, med besøk, aktivitetar og tilsyn som hovedelement i rolla.
Vi ser etter engasjerte personar som har interesse for mangfald, godt samarbeid og evne til målretta arbeid. Arbeidet skjer ved Lisjebøvegen 23 i Fosnavåg.
Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette.
Vi treng å ha nokon vi kan ringe til ved sjukdom og behov for ekstraarbeid. Du må vere fleksibel nok til å kunne jobbe både dag, kveld og helg.

Camilla Storøy, Avdelingsleiar kvalifiseringssenteret, +47 41424728
Lisjebøvegen 23
6091Fosnavåg
Avdelingsleiar kvalifiseringssenteret
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !