A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Herøy kommune søker ein helsefagarbeidar til fast 70% stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Seksjonen er ei avdeling for menneske med demens som har behov for skjerming og trygge rammer.
Arbeidet inkluderer pleie, miljøterapeutisk arbeid, observasjon og dokumentasjon i samsvar med gjeldande lovverk. Vi legg vekt på personsentrert omsorg, godt arbeidsmiljø og samarbeid med pårørande.
Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi søker etter ein helsefagarbeidar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggheit. Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar. Vi arbeider særskild med individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg
Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Sissel Reite,Seksjonsleiar,+47 99210028
Sjukeheimsvegen 5C
6092Fosnavåg
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5183849090
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026