An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Herøy kommune i Møre og Romsdal søker en helsefagarbeidar i 80% fast stilling ved Myrvåg omsorgssenter, seksjon B, for individtilpassa miljøarbeid og demensomsorg. Stillinga inngår i todelt turnus med arbeid kvar fjerde helg og 12,5-timers vakter.
Arbeidsstaden består av to seksjonar under pleie og omsorg; hovudkrefter er å få pasienter trygge, dokumentere etter lovverk og samarbeide tett med pårørande og anna helsepersonell. Søknadsfrist 14.10.2026.
Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for personar med demens? Vi har ledig ei 80 prosents fast stilling som helsefagarbeidar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskilt med individtilpassa miljøarbeid.
Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg med 12,5 timers vakter på helg. Stillinga er ledig frå 01.12.2026.
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med25000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flytter til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.